onsdag, mars 19, 2014

Dagbok 2014: 19.mars

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 3 grader C, det er overskya, for det meste opplett, men litt regn har det også vore.
Før middag gjorde eg litt husarbeid etc. før eg møtte på styremøte i pensjonistlaget. Dette var første styremøtet etter årsmøtet, derfor var også varamedlemmene med, og Nils er vara både i pensjonistlaget og eldrerådet, så i dag stilte vi sterkt.
Til middag i dag hadde vi restar frå måndag, det var for så vidt planlagt.
Vi åt, kvilte, drakk kaffi ....og dermed var vi komne langt utpå ettermiddagen. Sidan Nils hadde noko å gjere i garasjen, vart eg sittande med lydbok og strikketøy. Blei endelig ferdig med labb nr.1 - strikkar til "Føden" i Volda. Men eg skal finne meg ei anna oppskrift og kjøpe mjukare garn, dersom eg skal halde fram med prosjektet. Kjekt å ha noko på hendene når eg les lydbok, får ikkje til å sitte rett opp og ned mens eg les. No vurderer eg å gå ein tur, med bok på øyret, før det mørknar.
I morgon må Nils ta opp båten. Dei var litt uheldige i går og køyrde på ei rot som låg i sjøen, under vasskorpa. Vi kunne reist ut i dag, men det er best å dra båten opp på flo sjø. Påhengsmotoren har trulig fått ein skade. Ja, det er vel slikt ein må rekne med, at det skjer eitt eller anna.Når det ikkje er noko verre, får ein berre ta det med ro.
Den 19.mars 1878 blei farmora mi fødd, og eg hugsar at vi brukte å samlast på Hildegard når ho hadde fødselsdag. Det året ho fylte 70 år var det stor stas. Då hadde dei leigt fotograf som kom og tok bilde av heile storfamilien.Eg hadde lapp med meg på skulen, for eg måtte gå før skuleslutt den dagen.Siste fødselsdagen eg var med og feira var 90-årsdagen. Ho rakk å bli 91 år, men siste tida var ho på sjukeheim.Eg tenker litt ekstra på bestemor den 19.mars.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...