mandag, mars 17, 2014
Dagbok 2014: 17.mars
Klokka har passert 19.30, og eg har hatt litt av eit strev for å komme meg inn på bloggen min, såpass eg kan skrive eit nytt innlegg. Eg er av og til lettsindig med å trykke på tastar for både det eine og det andre utan å vite kva eg gjer, så no trur eg begge maskinene våre treng ei skikkelig reingjering.Apropos så tok Nils ein liten sjekk på varmepumpa i dag, og den vart meir effektiv etterpå.
Så var det vêret- i dag har vi hatt litt av kvart, våde snø, sol og vind, men det er mindre snø enn i går, trur eg. Eg har ikkje vore ute i dag.
Det første eg gjorde i dag var å lage dessert. Det er sjelden vare her i huset, men eg fekk lyst å prøve å lage slik dessert som eg fekk hos ei veninne førre veka. Det gjekk bra, nem neste gong eg lagar den, skal eg justere litt.
Elles tørka eg støv og pussa vindu på innsida. Det var ikkje mykje hjelp i, for det var på utsida dei var skitne. Middagen var nesten ferdig frå før, det einaste eg hadde å gjere var å lage brun saus.
Det var berre Margrete som kom i dag, men ho fekk med seg mat heim til ungane. Det er no berre to av dei som bur heime no.
Elles går dagane fortare enn eg likar å tenke på. Med lesingav bøker, chatting på PC og diverse husarbeid - det går an å kombinere..... Skulle ønske eg hadde kome i gang med diverse oppgåver som står på vent- men det er ikkje nok å ønske.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:13.September
Klokka er no ca19.30, temperaturen ute er +9 grader C , det er skya og grått +regn. Ikkje farleg å bli sittande inne ein heil dag då. For e...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar