onsdag, mars 05, 2014

Dagbok 2014: 5.mars.

No slo den gamle klokka vår akkurat seks slag, det betyr at det minkar på denne dagen også.Ute er det om lag same vêret som det har vore, men sist natt hadde det regna litt. Temperaturen er + 9 grader.
I går skrytte eg av at eg hadde fått gjort så mykje, i dag kan eg heilt ærlig seie at eg har gjort nesten ingen ting. Og eg har ingen god grunn for det.
Etter at eg hadde fått vaska håret og shina meg opp litt var vi ein tur til Vik, vi trong litt mat og eg er tom for lydbøker.
Vi var først innom Amfi, og så ein liten tur på Sissels nye blomsterbutikk, på Ørsta torg, der den var før. Men eg fann liksom ikkje det eg ville ha. Derfor reiste vi bort på plantasjen der eg kjøpte tre St.Paulia til å ha inne og to klokkeblomster til trappa. Trur aldri eg har kjøpt uteblomster så tidlig før.Men vi kjem til å sette dei innafor døra om natta.

Sidan vi var på dei kantar tok vi ein tur på El-kjøp også, for å kjøpe kaffi. No når vi har elektrisk kaffikvern, har vi lagt vår elsk på ein "italiensk" kaffi med heile bønner, men hamstra også nokre pakkar Løfbergs lila-som vi har halde oss trufast til i fleire år.

Biblioteksjefen var på kurs i dag, og dei andre fann ikkje noko ho hadde lagt til sides til meg, så eg raska berre med meg ei papirbok i dag, sidan eg ikkje fann noko.
Nils kokte lange til middag, og etter at vi hadde slappa av ei stund og så drukke kaffi, vart eg sittande å lese ferdig Mammutboka mi. Og dett var dett. Eg likar godt å lese på papir, men då får eg ikkje gjort noko anna ved sidan av, slik eg kan når eg les lydbøker. Eg får vere ekstra flittig i morgon sidan eg har vore så lat i dag!
I dag fyller den eldste "tanteungen" vår år, og vi gratulerer Tone på Hardbakke med dagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...