Klokka er 19.00, temperaturen ute er +7 grader C og det har regna litt.
Min første jobb i dag var å bytte på sengane, lufte sengetøy etc. Yr.no melde nemlig opphaldsvêr i dag. Fekk no gjort det eg skulle likevel, i tillegg til å vaske og støvsuge heile "huset". Det var slikt eg gjorde etter arbeidstid før i verda. Ja, ja, det går deg vegen høna sparkar. Men ein får vere glad så lenge ein klarer seg sjølv.
Då eg var ferdig meg husarbeidet laga vi oss tidlig middag, i dag vart det fiskekaker frå frysaren, med grønsaker og poteter.
La meg på sofaen etter middag og somna -og så var det kaffitid.
Sidan det regna i dag fekk eg ikkje tørke sengetøyet ute, men måtte ty til trommeltørk, og då må eg også stryke. Sjølvsagt kunne eg funne anna sengetøy i skapet, der er nok å ta av, men vi har lagt vår elsk på sengetøy i flanell til vinterbruk.
Nils gikk seg ein trimtur rett før det mørkna, så då nytta eg høvet å lese i papirboka mi, Mo Hayders "Hanging hill". Likar godt å lese på papir, det er lettare å halde orden på personane enn på lydbok, men så kan eg ikkje gjere noko anna samtidig, det er eg vant til. Og no kan eg strikke igjen. I morgon har Nils planlagt å fare ut og fiske igjen, det er lenge sidan han har fått skikkelig fangst.
Neste veke er eg invitert i 60-årsdag på mandag og tysdag er det pensjonistmøte i regi av Rotary og Inner Wheel, så då er eg fri for plikter. Onsdag og torsdag kunne vi ha vore på fylkesårsmøte i Molde, men vi bad oss fri. Vi var der for to år sidan. Eg er ikkje så glad i slike samkomer med mykje folk.
Bildet: Eg med den siste klassen eg hadde før eg blei pensjo. Her feirer vi Karneval. Superheksa sjølv vart ikkje attkjend då ho kom inn på klasserommet den morgonen.
Det vart litt stille ei stund før det gjekk opp for dei kven det var. Margrete arva nasen.Hatten hadde sitt opphav på frå ein countryfestival - på Skjåk-trur eg det var.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 29.mars
I går var her mange på besøk, men i dag var eg her åleine igjen, men eg lid inga naud på nokon måte, og i dag hadde eg rikeleg med god mat s...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
.jpg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar