No har eg lese ferdig denne boka på nærmare 500 sider på papir! Eg har lese så mange rosande omtalar av den, at eg kjøpte den då eg såg at den var påtilbod.Som dei leste veit er eg skeptisk så snart eg høyrer at ei bok er ein "bestseller"-og som regel med god grunn.
På mange måtar er denne boka ein typisk bestseller, lettlesen med enkelt språk, og på ingen måte stor litteratur.
Likevel las eg den med glede og interesse, fordi den tek opp eit emne som er vanskelig: Skal ein person sjøv velje om og når han skal avslutte sitt eige liv?
Emnet er ikkje akkurat lystelig, men boka er lett og full av humor også. Eg var aldri i tvil om korleis det ville ende, og eg fekk rett. Denne boka kan lesast også av ungdommar, etter mi meining, for meg vart den i lettaste laget. Men absolutt ikkje utan sjarm.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar