I dag er det 4 år sidan det yngste barnebarnet vårt, Ingar, blei fødd på Drammen sjukehus. Han var eit velskapt og vakkert barn, og det er han framleis. Bildet under er ikkje heilt ferskt, begynner vel å bli nærmare 1/2 år sidan det var tatt.I dag gratulerer vi skjønningen med 4-årsdagen.Synd han er så langt borte.
Klokka går mot 18.00 og vi har hatt ein relativt aktiv dag.Vêret er det same, og no er temperaturen + 9 grader C.
Eg er liksom komen i siget att etter ein lang rekonvalesent. Det første som stod på programmet i dag, var å rydde og vaske rundt på kjøkkenet. Eg har eit "vekeprogram " som eg prøver å kome gjennom ved å ta litt kvar dag. Nils gikk ut og begynte å styre i hagen, blant anna klipte han greiner av plommetrea og hadde raudmaling på stubbane. Eg synest det hadde vore betre med grønt, men for han er det hipp som happ.Og så tømde han varmkomposten, og forpesta nabolaget. Ja,ja, det kjem vel snart regn og då roar lukta seg.
Eg gikk ut og då vart det klipping av hekk mot naboen i nummer 5 som stod på programmet. Men først måtte vi nyte synet av ei stor furu som vart felt mellom dei to brune husa på bildet. Fleire tre skal fellast og då får vi enda betre utsikt mot fjorden, noko vi ikkje har noko imot. Hekken vart klipt, fort og gale, så eg fekk tid å rake etc. før vi gjekk inn og åt oppvarma suppe frå i går. Greitt å ha ferdig middag når ein er "utearbeidande".
Etter ein relativt kort pause, fann eg ut at eg skulle lage kjøttkaker av noko kjøttdeig eg hadde hamstra inn. Og så gjorde eg det. Kjekt å ha på vona her kjem einkvan innom.
Elles har eg hengt opp klede, teke inn og stroke, så no er det liv i leiren igjen.Det er ikkje det at eg har så mykje eg må gjere, men eg føler meg så mykje meir tilfreds når eg kan vere i aktivitet. Heldigvis er her ikkje ved som skal kløyvast, for då hadde eg vel sett i gang. Nils skal på møte klokka 19, og då skal eg lese i papirboka mi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar