Klokka har passert 19.00.Temperaturen ute er + 6 grader og vêret er ikkje mykje å skrive om, det er som det har vore i det siste. Har ikkje teke bilde heller i dag.
Nils var ute og laga kant til blomsterbeddet nedanfor garasjen i dag av material frå den gamle kompostbingen+ litt nytt. Plastkanten som var der før, var meir og mindre øydelagt. Vi vart samde om at den nye kanten skulle vere i water i staden for å følge terrenget, så det blir ein del mold å fylle på når så langt kjem. Kjekt å ha prosjekt på gang.Særlig når det er så fint vêr ute.
Mitt prosjekt i dag har vore matlaging og oppvask.Inne. Laga ein porsjon Ingers brød= tre brød. Steikte dei i dei nye silikonformene , og det gikk heilt fint. Elles laga eg ein stor porsjon ertersuppe, og steikte pannekaker. Då Margrete og Erlend kom i 15.30-tida var vi klar for middag. Margrete fekk med seg "restar" heim til Amanda, og så har vi nok suppe til i morgon, det lønner seg å lage rikelig når ein balar med det.
Erlend var trøtt og sliten i dag, så han la seg på sofaen og somna etter eit par minutt, han liknar litt på opphavet - i fleire generasjonar. Say no more.
Då vi vart åleine, la eg meg på sofaen med bok, denne gongen med ei PAPIR-bok. Heilt greitt det, men eg somna ikkje slik eg gjer med lydbok. Tungt å ligge å halde på ei bok på 500 sider. Skulle i grunnen hatt meg ein tur ut, men det er heilt bekmørkt, og då blir tiltaket større. Gler meg til vi får sommartid.
Elles har eg begynt forsiktig å strikke litt igjen, etter ryggkollapsen, men passar på å ikkje overdrive.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 26.august
Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Kjekt at du kan strikke igjen! Det er viktig å sette helsa først, men strikking er kjekt!
Legg inn en kommentar