søndag, mars 02, 2014

Dagbok 2014: 2.mars

Klokka er 19.15, temperaturen ute er+ 4 grader C, det er overskya og opphaldsvêr. Får nesten dårlig samvit av å ha så fint vêr heile vinteren, og så lurer der ein tanke i bakhovudet:Kjem vinteren NO, eller kanskje i april?
Nils og eg kom nettopp inn att etter å ha traska rundt på Vallabøen ein times tid. Ei dame stoppa bilen ytst i gata her då vi var på heimveg, og "arresterte" oss for ikkje å ha refleks. Men det var lyst då vi gjekk ut i 18-tida. Reknar med at ho hadde litt moro av å irettesette "gamlelæraren" sin. No hard feelings!
Elles har det ikkje hendt så mykje her i dag. Før middag laga eg fiskekaker av lyr og lysing, som vi fekk av kamerat Kjell. Det vart middag i dag og tre middagar i frysaren.
Nils gikk seg ein trimtur i skog og mark, det er ikkje noko for meg, så eg vart att heime og las ut krimboka mi.
Etter middag slappa vi av, drakk kaffi etc. Eg har teke opp programmet "Hver gang vi møtes" som vi skal sjå etter kveldsnytt. Då er der vanlegvis ikkje så mykje å sjå på TV.
Elles så les eg ei bok på papir, mens eg ventar på nytt frå biblioteket. Aberet er at då får eg ikkje gjort noko anna samtidig. Elles går det mykje fortare å lese papirbøker, i alle fall når den er så lettlesen som "Et helt halvt år", som eg kjøpte på Mammut. Tenkte å lese den, og gi den bort etterpå.
I morgon reknar eg med at vi får besøk av Margrete og ev .barn, det er lenge sidan sist.

Ingen kommentarer:

Dagbok :Julaftan 2024

                                         Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....