lørdag, mars 01, 2014

Bok nr. 12 - 2014: Casanovasyndromet.




Casanovasyndromet
Boston, USA: Den norske Harvard-studenten og roeren Georg Johnsson blir drept under Head of the Charles-regattaen. Ved den siste broen før målområdet ryker wiren som holder et banner oppe og kutter hodet av unge Georg som sitter fremst i båten. Slik ser det i alle fall ut. Saken blir henlagt som en ulykke.
Oslo: Brudgommen Peter Werring forsvinner sporløst fra sitt eget bryllup. Skandalen er et faktum for bruden, Cathrine Price. Tiden går og Peter dukker ikke opp igjen. Cathrine ber sin eksmann, Tom Hartmann, om å lete etter ham. Oppdraget fører Tom til Venezia og inn i en mørk verden der erotikken og kunsten å forføre dominerer. Det viser seg at flere av kvinnene Peter Werring har vært i kontakt med dør kort tid etterpå. Er det noen sammenheng mellom Werrings affærer og dødsfallene? Og har den unge roeren i Boston noe som helst med saken å gjøre?
Hele serien om Tom Hartmann er svært godt innlest av forfatteren selv, operasanger Øystein Wiik.
...............................................................
Eg hugsar operasongaren Øystein Wiik som ung mann med lyse krøllar, då var han ofte på TV. Så var det mange år vi ikkje høyrde så mykje om han, før han dukka opp som krimforfattar. No har eg høyrt to av bøkene hans som lydbøker der han les sjølv. Ein mann med vakker songstemme, har også vakker stemme når han les, derfor vil eg anbefale at de les LYDBØKENE.
Eg er ikkje spesielt musikalsk, men eg meiner å ha gehør når det gjeld språk. Og det er språket eg er mest fascinert av i Wiik sine bøker; eg vil påstå at det til tider er sublimt. Her er ikkje gamle utslitne seiemåtar, ingen klisjear og utbrukte metaforar, men originale uttrykk for det meste. Og eg elskar det, og frydar meg.I den første boka eg las, song han, det gjer han ikkje her, men han les mykje italiensk, som han omset til norsk.(Veit ikkje om eg forstår så mykje meir italiensk no enn før).
Om innhaldet er det å seie at det ikkje er særlig realistisk. Dette er EVENTYR, fortrinnsvis for vaksne. Og heile fortellinga har ein undertone av sarkastisk humor.
Eg kjem nok til å lese alle bøkene hans etter kvart eg får kloa i lydbokversjonane. Trur ikkje rekkefølgen har noko å seie.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjøpte "Dødelig applaus" av og med Øystein Wiik på Mammutsalget, men har ikkje lese den endå.

Besta sa...

Du burde lese bøkene hans som lydbøker. Han er så flink å lese, og synge, at det er ein fest å høyre han. Eg har lese dødelig applaus, det så til no har eg lese to.

Hildegard sa...

Det var lydboka eg kjøpte, gleder meg til å lytte til den no, må ha ei lita pause frå "Min kamp", ferdig med fjerde lydboka der...

Besta sa...

Min kamp 4 og 5 var eg ikkje så begeistra for, og nr.6 er tung. Likevel er det dumt å gi opp synest eg. Å høyre på Øystein Wiik er berre herlig. Han har så vakker stemme .

Dagbok :Julaftan 2024

                                         Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....