mandag, mars 31, 2014

Dagbok 2014: 31.mars.

Klokka er ca halv 9 og eg er liksom ikkje komen lenger enn til ettermiddagen. Ute er det lyst og temperaturen er +5,5 grader C. No er det opplett og fint, tidleg i dag var det litt regn og grått.
Var ein liten tur nedover f.m. Det var to ting eg skulle hugse, men gløymde den eine. Vi var innom Europris og kjøpte meir hønsegjødsel, så kjøpte eg Faxesåpe på Målar-Olav, i håp om at eg skal kome i gang med stoveveggene, som eg vaskar annakvart år. Var også innom Coop og kjøpte litt matvarer.Det var ikkje så mykje vi trong i dag.
I dag venta vi Margrete til middag, og laga lettvint mat til oss alle: Julepølser frå julelageret + potetstappe av mandelpoteter.
Eg fann ut at eg skulle lage sveler, noko eg knapt har gjort før. Brukte Solveig si MRF-sveleoppskrift. Den var nokså stor, for å seie det mildt. Eg steikte og steikte med lydbok på øyret.Heldigvis tok Margrete med seg ein stabel, noko som ungane sette pris på. Eg var ikkje så fornøgd med svelene mine, men veit kva eg skal gjere annleis ein annan gong.
Etter at eg hadde rydda opp, hengt opp ein klesvask etc, la eg meg på sofaen med lydbok. Og der vart eg liggande heilt til eg fekk ein telefon frå Norsk gallup.
I dag kan vi gratulere Audny på Eid med dagen! Og i morgon startar vi på april.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...