søndag, mars 30, 2014

Dagbok 2014: 30.mars.

Klokka er 19.10, temperaturen ute er + 8  grader C, og vi har hatt ein fin, men litt kjølig dag.Litt vind har det vore, så det var best å halde seg i bevegelse. Etter at vi hadde surra rundt nokre timar, og Nils hadde filetert fisk, bestemte vi oss for ein tur til Hovdevatnet. Før gikk vi ofte rundt vatnet, men i seinare år har vi ikkje alltid teke heile runden, det gjorde vi i dag.Det er mange som går tur der, ikkje minst eldre folk, og dei fleste saknar ein stig som går heilt rundt. Slik det no er, må vi gå opp på Åsen, og vidare til garden Ytrestøyl før vi kjem inn op gamlevegen.Det er ikkje så langt stykke det dreiar seg om, for å knyte saman stigen med gamlevegen, som er ein heilt OK turveg. Og der er folk som vil lage veg på dugnad, men også bønder som nektar. Langs gamlevegen er det sett opp mange benker der slike som eg kan kvile seg.No kan de få vere med ein tur rundt vatnet.Fjellet de ser på dette første bildet er Helgehornet, det brukar å vere med når eg tek bilde frå altanen.
Her går vi på stigen og ser utover varnet.

Her har vi gått opp på åsen og skriv namna våre i boka, før vi går mot høgre og garden Ytrestøyl.

 Her kan vi sjå ned på den nye vegen, dvs. Eiksundsambandet.Til venstre i bildet ser vi Liadalsnipa, fjellet ved Rjåneshamna.
 Her er vi på Ytrestøylen og kan sjå heim att til Vallahornet vårt til venstre i bildet.
Kva ser de her?

 Her har vi gått eit godt stykke på den gamle bilvegen og kome fram til "bade- og grilleplassen." Her har eg vore på skuletur både vinter og sommar, til skeisedag eller vårbad.
 Så er vi nesten framme ved målet og kan sjå oss tilbake. I fjor vinter gikk vi over heile vatnet på isen. Det var ei oppleving utom det vanlige.
På heimvegen måtte eg berre ut og ta bilde av dette "vakre" nybygget til REMA 1000,som ligg så fint til mellom elva og Melsbygdvegen. Akk ja!
Då vi kom heim la vi oss på altanen for å kvile på solsenga, men i dag vart det litt for kaldt. Seinare steikte eg sei, vi år middag, og no er det tid for kaffi.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ein fin tur, vakre bilder, kjekt de kjem dykk ut på tur. Her i Alleen har vi feira dagen til Audny på forskot med middag og kaffi. På dagen, i morgon, er eg på pensjonistmøte på Sandane, og elles er alle opptatt med jobb og skule. Ha ei fin veke!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...