Klokka er snart 18.30. Temperaturen ute er +3,5 grader, og det er overskya opphaldsvêr.
Nils fann ut at han skulle ut og fiske i dag, så eg vart åleine heime før middag. Sidan det kom så pass brått på hadde eg ikkje så mange planar, men eg kunne i alle fall støvsuge. Etterpå las eg ut boka mi, og så var Nils heime att. Berre småsei i dag også, blir litt kjedelig i lengda, men no har vi i alle fall ete middag, og sit no med kaffikoppen. Hadde litt dessert att frå i går, så det friska opp litt. Det er sjeldan eg lagar dessert, men fruktsalat heilt utan tilsett sukker kan no ikkje vere så usunt?
Vi åt ein lett lunsj og så var det pause. Eg fann ut at eg skulle få unna litt kontorarbeid (pensjonistlaget)- og så var det brått mørkt. Såg litt av opningsseremonien i Sotsji, men når dei presterer å komme med reklame midt i sendinga, då står eg over. Det blir vel NRK 1 å lite på. Det er no den kanalen vi held oss til.Ikkje mykje å skrive om i dag, men vil i alle fall ønske alle: GOD HELG !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 3. mars
Klokka er no16.25, ute regnar det og temperaturen er ca 4graderC, det er eit kjedelig ver, men vi har hatt så mykje fint ver denne vinteren ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Så koseleg å lese desse daglege snuttane du skriv :) Dagligdagse kvardagsaktivitetar er jo det livet vårt har mest av :)
Boka du skriv om under her skal eg sjå etter på biblioteket :)
God helg til deg og dine :)
Legg inn en kommentar