Afghanistan, 1952. Abdullah og søsteren Pari bor sammen med faren, Saboor, og stemoren i den lille landsbyen Shadbagh. Saboor er arbeidsledig, og familien lever i fattigdom. Søsknene legger en dag ut på en reise til Kabul sammen med faren, lykkelig uvitende om skjebnen som venter dem.
Og fjellene ga gjenlyd spenner over generasjoner og kontinenter, fra Kabul til Paris, fra San Francisco til den greske øya Tinos. Med sin umiskjennelige sans for visdom, dybde og innsikt skriver Khaled Hosseini om mellommenneskelige forhold, det som definerer våre liv, hvordan valgene vi tar gir gjenklang i fremtidige generasjoner og hvordan vi ofte blir overrasket av dem som står oss nærmest.
-----------------------------------------------------------------------------------
Denne boka er heilt ulik dei to andre eg har lese av forfattaren, og eg vil påstå at dette er den beste av dei tre. Eller rettare sagt den eg likar best.Her er lite om krig og politikk sjølv om ein veit at den politiske situasjonen i landet er ein av grunnane til at vi etter kvart møter att medlemmene i familien på heilt andre kantar av verda.
Denne boka vil eg gjerne lese om att, og då på papir. For dette er ikkje ei fortelling, men fleire, og fortellestemma er heller ikkje den same heile tida.Derfor kan det av og til vere vanskelig å henge med.
Det er ei gripande bok om forholdet mellom barn og foreldre, og om det å høyre til. Og om mykje anna. At den på slutten kan bli litt sentimental reknar eg med at det har litt med skrive-tradisjonen i landet å gjere.
Eg vil sterkt anbefale andre å lese denne romanen.
(Takketale i etterordet er blitt meir vanlig enn før, og eg likar det ikkje så godt. Det bryt litt av illusjonen og får meg til å tenke på Oscarutdeling etc.)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar