onsdag, februar 26, 2014

Dagbok 2014: 26.februar.

Klokka er no19.45. Temperaturen ute er ca + 8 grader, det har vore ein fin dag med lett skydekke og delvis sol.
No har vi ikkje fått nyte så mykje av finevêret, for i dag har vi vore opptekne med pensjonistmøtet. Først var vi på Bakk-Ola-marka og henta songbøker før vi møtte på Kulturhuset litt før klokka 12. Der hjelpte Nils til med å sette opp borda og ha på plass stolar, det brukar vanligvis å vere gjort når vi kjem. Elles dekka vi bord og laga i stand til møtet.
Vi var heimom og åt litt og slappa av før vi for ned att i 15-tida, sidan Nils hjelper til med billettsalet.Eg hadde også diverse å ordne sidan det var årsmøte.Vi begynte klokka 16.00 og det vart eit kjekt møte. Gunnar Ellingsen fortalde om turen langs Silkevegen og viste bilde. Vikarprest Sindre Jan Løvik song og spela gitar. Eg har ikkje mykje greie på det, men etter mi meining var han flink til begge delar.
Til mat i dag hadde vi pizza, og nøttekake med frukt og krem. Vi brukar å ha litt eksta god mat på årsmøta.
Etter maten tok vi årsmøtesakene, det gikk fort og greitt, sidan arbeidet var gjort på førehand.(Hm!)For dei som ikkje var i styret, var det berre å klappe i hendene.
Eg er visst begynt å bli litt gammal, for no er eg sliten. Utset skrivinga av referat til i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20. desember

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...