tirsdag, februar 25, 2014

Dagbok 2014: 25.februar





Klokka er 15.15. Temperaturen er + 12,6 grader C, og akkurat no kom sola fram. Før i dag har det vore overskya, med eit lite tilløp til regndropar.
Vi er nettopp komne heim frå Volda der vi hadde eit par småærend, og nytta høvet til å ete middag på kafe, som vanlig.
Men først var eg til frisør  her i Ørsta og fekk håret klipt og farga, det er alltid uvant med det korte håret til å begynne med, men det kjem seg.
For ei tid sidan kjøpte eg ei fleecejakke på ein sportsbutikk i Volda, den lukta heilt pyton også etter vask og lufting. Eg klaga på den og fekk bytte med ei anna. Måtte rett nok betale 50 kr i mellom, men det stod eg i. For å spare enda meir var eg på sal på Møre Konfeksjon (More Woman) og kjøpte ein stor varm genser til 199 kr. Førprisen var 699 kr. Eg er ikkje så veldig økonomisk, men eg plar kjøpe sommargensarar om hausten og vintergenserar om våren, og det tener eg grovt på.
Det er eit stort byggeprosjekt på gang på Ose, rett attmed Prix. Det er Rema 1000 som bygger ny butikk, av den typen eg kallar "bølgeblikkskur". Rema i Ulsteinvik overtok lokala etter Lidl, og det er ein ryddig og fin matbutikk. Eg meiner vi har for mange matbutikkar i Ørsta sentrum, for svinnet blir større til fleire butikkar ein har. Eg tenker då spesielt på frukt og grønt.
Det andre byggeprosjetet eg har tatt bilde av, er eit hus som skal romme mange leilegheiter. Huset skal byggast mellom Engesetvegen og Mosmarkvegen.Det er eit relativt farlig kryss mellom dei to vegane no, og kor det skal bli med x antal bilar i tillegg står att å sjå.
No må visst gemlisane ha ein pause, det har vore ein aktiv dag så langt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...