lørdag, desember 28, 2013

Dagbok 2013: 28.desember

Kaker i oldemora sine Norgesglas.
Klokka er snart 17.30. Temperaturen ute er + 8 grader; det er framleis mildt, vått og mørkt. Eg lengtar etter lysare dagar!
Eg ser på TV at dei spør vaksne folk om dei er fornøgde med julegåvene sine. Det er heilt kvalmt. Sjølvsagt er vi fornøgde med det vi får! Og dei fleste av oss eldre har alt vi treng frå før, eller kan skaffe oss det. For å gjere det litt lettare for dei som vil kjøpe til oss, skreiv eg ønskeliste.(Eg kunne godt skrive at dei ikkje skulle kjøpe noko, men eg veit at dei gjer det uansett.) Vi fekk alt vi ønska oss og enda mykje meir. Stearinlysa med batteri som Solveig har lagt ut, fekk vi av Margrete-familien, og salmeboka som eg skreiv om, kom frå Hareid. På bildet over ser de gåva frå Olaug på Hareid. Det er kaker ho har laga sjølv. Ho er så flink å bake, og alt er så fint laga. Marengstoppane i glaset til venstre er minst like fine som dei ferdigkjøpte.Norgesglasa er slike som eg har fått av mi mor, og som Solveig har overtatt, så dei skal til Hareid igjen etter at dei er blitt tomme. Det har ikkje blitt ete så mykje "boksemat" enno - vi strevar framleis litt med restar frå kjøleskapet.
I dag var vi ein tur nedover etter at eg hadde vaska håret og moppa over eit par golv.På Amfi trefte vi andre som var ute i same ærend, nemlig å få seg ein tur ut og å treffe kjentfolk.
Såg etter om dei hadde begynt med sal-og det hadde dei. Særlig på Kitchen var der mykje folk. Opp til 70% avslag på dyre varer, det er ikkje verst. Vi kjøpte berre litt melk og havregryn. Men vi prata med mange vi kjenner.Vi er ikkje så flinke å invitere folk, er ikkje selskapsfolk på den måten, men vi er ikkje eremittar.
Sist natt låg eg igjen mykje våken, og høyrde på lydbok. Eg held framleis på med "Barfotdronningen", som er noko langdryg med sine 21 CD-plater. Anten er boka dårlig skriven, eller så er ho dårlig omsett. Eller kva seier de om å bruke uttrykket "kødde med" - i ei fortelling frå ca 1750 ? For eksempel.
Eg har ein mistanke om at det er foreldra mine sin bryllaupsdag i dag, men er ikkje sikker.Dei gifta seg i alle fall i romjula 1938. Går ut frå at Svein veit det.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest Norgesglasa er fine. Dei vert brukt til mykje, ser eg, men eg vil bruke dei berre til mat! Eg bruker dei store til mysli t.d. Eg kunne tenkt meg ei hylle til de.

Besta sa...

Det er noko nostalgisk over desse gamøe glasa. Men om dei begynner, eller har begynt, å lage nye etter gammal modell, blir ikkje det det same.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...