onsdag, desember 25, 2013

Dagbok 2013 : 24 desember= julaftan

Klokka er 1.15 og eigentlig er det ikkje julaftan lenger, men det er den eg skal skrive om. Det har vore overskya og regnbyger heile dagen, og temperaturen er no+ 5 grader. Kan ikkje kalle det kvit jul akkurat, men inne er det koselig om det er mørkt ute.
Vi reiste til Hareid relativt tidlig på dag og var med på gudstenesta som begynte klokka 14.30. Eit litt uvant syn var det å sjå ein ekte borerigg i sjøen utanfor badestranda, så vi måtte bort og ta eit bilde.
Gudstenesta var fin og velregissert. Fin orgelmusikk og fint jentekor.
Presten var det eg vil kalle ei ung jente, men flink var ho. Ho heldt ein relativ kort tale, med velvalde ord.
Men kjære alle norske prestar: Kan dokke ikkje vere så snille å gå opp på preikestolen, slik at vi ser dokke! Då høyrer vi betre også.
Øystein var middagssjef, som vanlig, men hadde vel fått litt hjelp. Maten smakte utrulig godt, og eg la rikelig innpå sidan eg ikkje hadde ete sidan frokost.
Solveig spanderte moltekrem til dessert. Fantastisk!
Pakkeutdelinga tok opp til fleire timar, når 8 personar har kjøpt opp til fleire gaver til kvar av dei andre, blir det ein del. I tillegg kom gåver frå dei andre i storfamilien.
Vi fekk så altfor mykje, men det var berre fine og nyttige ting som vi set pris på.
Vi har hatt ein fin julekveld.Og takkar for det.
Så ønsker eg lesarane mine ei fortsatt god jul!

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er kjekt å kunne feire julaftan saman. Men ein ting er sikkert: eg hadde ikkje ein finger borti middagen. Her er rollene uttdelte på førehand ...
Fortsatt god jul!

Besta sa...

Det er alltid det tryggaste. Delt ansvar kan føle til ein del krøll.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...