fredag, oktober 04, 2013

Dagbok 2013: 4.oktober

Klokka er ca 19.15 og det er alt åt å møkne ute. Det er skya opphaldsvêr og + 16 grader C. Vi fekk brått ein Indian summer her.
Eg vakna lovlig seint i dag, men rakk å støvsuge alle teppegolva, slik eg hadde tenkt, før eg møtte venninner i Vik. Vi skulle på "Fru Svendsen" og markere at ei i gjengen hadde fylt 80 år sist sommar. Den yngste blir 60 år i november. Vi har alle jobba i lag på Velle, den yngste er framleis i arbeid.
Vi hadde ei veldig koselig stund, og der eg sat, hadde eg utsikt til inngangsdøra. Det var slik eg fekk sett "snurten" av Odd Nordstoga, på veg inn og ut av kafeen.
Då eg kom heim var det berre å starte opp å lage middag, dvs. steike sei. Steikt sei, som ikkje har vore frosen, er framleis noko av det beste eg veit. Desserten hadde eg ete på førehand, på kafeen.
Nils har funne ein fotballkamp. Eg trur eg skal ta meg ein snart ut før Beat for Beat. Har vore ein del plaga med tinnitus og hovudverk i det siste, så eg trur det vil hjelpe med litt frisk luft.
Ønsker alle ei god helg, og god ferie til dei som det skal ha!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...