Jan Mehlum har droppa detektiven Svend Foyn og hunden Hulda i denne romanen. Eg må innrømme at eg sakna dei begge. Eg sakna også den vanlige opplesaren og den elegante stilen.
Første delen av boka lova godt. Eit ungt sambuarpar med dårlig økonomi er utrulig heldige- dei vinn 46 mill. i lotto. Dei tek sikte på å kjøpe seg eit fint hus eller ei leilegheit, men så begynner det å skje grufulle ting.
Etter kvart blir det meir og meir dramatisk, det tek liksom heilt av.
Det forfattaren vil vise er mellom anna at mange gjer kva som helst for pengar, mens hovudpersonen, Audum Holmøy, gjer kva som helst for å få att den vesle guten sin.
Eg synest her er for mykje vold og brutalitet i boka, har likt betre dei bøkene han har skrive før.Men det er MI meining. Eg tenkte den formastelige tanken at han kanskje prøver å "gjere ein Nesbø".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

2 kommentarer:
Eg synest Mehlum fører ein lett og god penn. Om hans stil passar til mykje vald, veit eg ikkje. Svend Foyn er vel i livsfare i kvar bok... Uansett har eg lyst å lese romanen.
Eg synest ikkje eg kjende att stilen frå tidligare bøker, men det KAN vere opplesaren si skuld.
Legg inn en kommentar