mandag, oktober 28, 2013

Dagbok 2013: 28.oktober

Klokka er 20.15, temperaturen er + 8 grader og det regnar. Eg må innrømme at på denne årstida vil eg heller ha regn enn snø, så eg er glad så lenge det held seg mildt.
I dag brukte eg litt av føremiddagen til å lage mat, og vel ein time til styremøte i pensjonistlaget. Sjeldan at vi er så effektive.
Margrete og Eirik kom ca 15.30 og åt i lag med oss. I dag var det svineribbe og medisterkaker på menyen. Eg er ikkje så flink med dessertar, så det blir oftast is, og ev. litt kake frå frysaren. Slik vart det i alle fall i dag.
Etter at gjestane hadde reist og eg hadde rydda opp på kjøkkenet, sette eg meg ned og las ut boka, så no er eg klar for å begynne på rebellen. Berre synd eg ikkje har den på lydbok, så eg kan strikke langsmed, eg har litt vanskelig for å konsentrere meg når eg ikke han noko å henge fingrane borti.
Pensjonistmøtet er onsdag i neste veke, så eg lyt skrive eit innlegg til avisa seinast no torsdag. Eg skriv både på førehand og etterhand. Nemlig.

Det er litt synd at så få yngre pensjonistar støttar opp om arbeidet i pensjonistlaget; med yngre, meiner eg folk under 75 år. Det er ein del arbeid og tankeverksemd som skal til for å få det til å snurre og gå, og eg synest det er givande å kunne vere litt til nytte. Eg veit at mykje frivillig arbeid blir lagt ned i mange lag og organisasjonar, og det er bra. Men så sant ein får leve, blir vi alle gamle, og då kan det vere bra at pensjonistlaget fungerer.
På møtet komande veke, kjem dei frå Sparebank 1 for å dele ut premiar til dei pensjonistane som mosjonerer og registrerer turane sine. Eg er ikkje mellom dei.

3 kommentarer:

solveig sa...

Hausten er fin i år. Kjem snøen i oktober og vert liggande, vert vinteren lang.

bodilingeborg sa...

Koseleg pensjonistbilde.
Har du endra bloggen for Pensjonistlaget? Eg får ikkje fram noko for 2013.
Eidapensjonist

Besta sa...

Eg har ikkje brukt den bloggen på lenge. Trur ikkje det var så mange som var innom.Og så skriv eg så mykje til avisa at eg får liksom nok.Skal sjå om den fungerer for meg.