søndag, oktober 13, 2013

Dagbok 2013: 13.oktober


Klokka er 18.15, og sola forsvann heilt plutselig. Det har vore enda ein nydelig haustdag. Litt kaldt om morgonen, men sola varmar. Akkurat no er temperaturen + 8 grader C.
Før middag gikk Nils og eg ein tur på "Kanalvegen". Der er det ope så sola får skine. I gatene her er skuggane av husa så lange! Vi hadde ein fin tur, og trefte kjentfolk å prate med, sjølv om vi var utanfor komfortsona vår.
Då vi kom heim, laga vi middag, og så vart det ei kvilestund etterpå.
Nils skal hente Margrete på flyet i 19.30-tida, så han køyrde bilen hennnar ned til Bunnpris, der ho skal handle litt før ho reiser heim til seg sjølv.
Mens Nils var vekke gikk eg ein liten tur rundt "Storebakken" med kamera. Det er så fine haustfargar at eg må forevige dei.

 
 

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Fine haustfargar på bilda dine.

solveig sa...

Fin avslutning på ferien for oss!

Bjørg sa...

Haustfargane er visst like fine i Ørsta som her i Larvik.

Besta sa...

Og haustfargane vert svært intense i låg kveldssol.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...