Klokka er 21.00, og eg forstår ikkje kvar dagen har blitt av. Ute er det nokså mørkt, så det er tydelig at sommaren er slutt. Før middag var vêret ganske bra, men no i kveld kom det regn.Temperaturen er no + 12 grader C.
I dag venta eg snarvisitt av begge døtrene, så eg laga middag til fire, eller vel så det. Menyen var kjøttsuppe/ brennsnut/ betasuppe. Kjært barn har mange namn. Laga også matpakkebrød, godt med ferskt brød til suppa.
I frysaren fann eg ei kake som eg laga til jul. Men no er vi ferdige med julebaksten, om det ikkje skulle dukke opp noko som eg har gøymt unna.
Margrete fekk med seg mat til dei to små som er opptekne med fritidsaktivitetar på mandagane. Amanda dansar ballett her i Ørsta, det er derfor Margrete kjem hit, og Erlend er på speidermøte på Folkestad. Eg saknar "mandagssamlingane" som vi har hatt siste åra.
I morgon skal eg til rutinesjekk hos fastlegen, og onsdag er det styremøte i pensjonistlaget, så no er det slutt på "ferien". Men eg håper vi kan få høve til nokre småturar rundt omkring.
Neste mandag er det val, og vi vonar sjølvsagt på at vi framleis skal få ei raud-grøn regjering.Til meir eg høyrer på dei politiske debattane, til meir overtydd blir eg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024 .27.november
Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
1 kommentar:
Takk for meg! Nydeleg mat. Brødet ditt vart endå betre enn mitt ...
Legg inn en kommentar