søndag, september 01, 2013

Dagbok 2013: 1.september

Klokka er 18.30.Temperaturen er  +10 grader C, og det pøsregnar; det har det gjort i heile dag, og eg har ikkje vore ute for ein dag.
Eg har brukt dagen til å lage mat, strikke og lese i lydboka mi om "Brobyggerne", den er vanskelig å legge frå seg fordi den er så lettlesen, på same tid som den er interessant.Det blir ikkje mykje å skrive om på bloggen med andre ord.
I morgon ventar vi begge døtrene på besøk, så då blir det vel litt meir action. Sidan vi i dag skriv 1. september, må vi vel gå ut frå at sommaren er slutt, men eg trøstar meg med at september kan vere ein fin månad.
Som ei lita påminning om vinteren som er i kjømda, har eg funne fram eit bilde frå utstillinga på Vartdal. Det viser sko og pels som skipperen hadde på seg når han stod i tønna på fangstskutene og speida etter t.d. sel. Det var mange selfangst-skuter frå Vartdal.
Dette bildet talar for seg sjølv.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...