2.august 1992
Klokka har passert 19.00, temperaturen ute er +15 grader C og det regnar. Slik har vêret vore det meste av dagen, men no blæs det litt også. Dette vart ein typisk innedag, så får vi vere glade for at vi fekk gjort litt ute i hagen i går.Vi starta dagen med ein liten tur på Amfi, det var ikkje så mykje vi skulle ha. Då vi kom heim att gjorde Nils seg klar for sjøsetting av båt. Mens han var på Rjåneset fekk eg gjort mykje heime. Eg bytta på sengane, vaska alle golva og støvsuga der som er teppegolv. Så " no er det gjort til helga", som eg plar seie. "Fredagsvask" er eit svært tøyelig omgrep her i huset.
Nils var godt fornøgd då han kom heim. Han hadde fått prøvekøyrt båten, og den nyoverhala motoren gikk som ei klokke. Fisk hadde han fått lite av, men til oss to rekk fangsten av småsei til to middagar, kokt i dag, og steikt ein annan dag. Vi har forresten nettopp ete, for då Nils kom heim, tok vi berre ei brødskive og ein kaffikopp.
Då Lise og Kjell var her på sundag snakka vi om sist gong dei var i Starevegen. Eg meinte det var på Lars sin fødselsdag, og har leita etter bilda. I dag fann eg dei endelig, eg hadde limt dei inn i eit litt spesielt album . Men der hadde eg også skrive ein tekst. Det var ikkje 4.august dei var her den gongen, slik som eg trudde, men den andre. Vi feira nemlig bursdagen litt på førehand. Året var 1992.
Det eine bildet viser Nils, Rasmus , Nadja og meg på trappa, det andre bildet viser heile storfamilien + eit par smårollingar som høyrde heime hos naboane. Det er Cecilie og Kenneth. Nadja er også med, ho døde to år seinare. På den tida hadde vi berre to barnebarn, Einar og Audun. Eg ser at Jettaen står på tunet - hugsar bilnummeret. Rasmus overtok den bilen då han flytta til Finnmark. Det var ein 1981 - modell etter det eg hugsar.
Det er rart med slike gamle bilde, dei set i gang ein minneprosess som liksom ikkje vil ta slutt. Når eg ser på oss som står der, synest eg at Solveig og Nils har forandra seg minst.(Berre synd at det ikkje vart tatt bilde der Lise og Kjell også var med.)
I dag er det altså 6.august. Ein svart dato i verdshistoria, den dagen då USA sleppte den første atombomba over Horoshima i 1945. Det var meir enn gale nok, men at dei sleppte bombe nummer to over Nagasaki tre dagar seinare, det kjem eg alltid til å forstå.
Elles er det fødselsdagen til vår kjære nabo, ho ville fylt 73 år om ho hadde levd i dag. Siste fødseldagen hennar feira vi for tre år sidan i nydelig sommarvêr. Eit fint minne, det også.
Elles har vi høyrt både frå Margrete sin familie i Tyrkia og Rasmus og Co på Rhodos. Dei har det varmt og godt.
Tyrkia
2 kommentarer:
Artig å dkå gamle bilde!
Du har på deg ein kattegensar og Lars ei batikkskjorte - begge plagga var kjøpte då vi var på bilferie i Storbritannia sommaren 1992. Eg var i ein kvalm periode, kan eg hugse, for Ingeborg vart fødd i mars året etter.
Legg inn en kommentar