Vi har ikkje så spennande hage, men vi har mykje fint gras!
I dag skulle Solveig køyre Audun på flyet her i Ørsta, og så vart det noko ugreie med bilen, slik at Øystein også vart med og fekk den reparert. Dei kom oppom med diverse "tomgods" og gåver frå turen sin til Sverige og Kongsberg. Eg serverte berre kaffi og vaflar sidan det ikkje var tid for eit "skikkelig" måltid. Olaug var att heime og Håkon er i England og spelar fotball. Dei to eldste er altså i Oslo på konsert. Det skal noko til å halde greie på kvar alle er for tida.
Solveig kom med tre fine potteroser, som er plassert ute i "garasjebeddet" i lag med dei andre; dei første blomstrar ikkje akkurat no. Eg kunne hatt dei på trappa, men det er ikkje så mange plantar som likar seg der.
Nils og eg prøvde å plassere nokre steinar ved postkasse-stativet, til å stå på mens vi hentar posten. Veit ikkje kor vellykka det vart, men vi får heller ta det att.
Så la vi oss på solsengene på altanen og slikka i oss all den sol som var tilgjengelig. Eg høyrde lydbok, og somna innimellom. No har Nils funne seg ein fotballkamp. Eg får såleis høve til å lese i boka mi "Flink pike" som er ganske underhaldande. Eller kanskje eg skulle gått ein tur ?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar