Vi sov lenge i dag og har vore relativt late. Eg har laga litt mat etc. elles har eg lese i boka mi.
Men så kvikna eg til mot kveld og tok meg ei trimrunde. I staden for lydbok tok eg med kamera i dag. Eg gikk den vanlige ruta ut Starevegen og opp Storebakken. På oppsida av vegen var der så mykje villbringebær at det vart ein liten stopp.
På begge sider av Vallahornet renn det elvar, på venstresida frå oss renn Vikeelva og på høgre sida Skytjåa. I 1979 gikk der eit stort snø+ vatn- ras ned Skytjåa, og menneskeliv og hus gikk tapt. Etter det vart det bygt vollar på begge sider av elva, og elva vart renska for stein og utvida. I seinare tid har dei også laga ein fin badekulp , der ein kan kjøle seg ned etter fjellturar til dømes. Der var også ei stor fotballbane der ungane kunne leike. Vi var der ofte med Nadja så ho kunne få springe. No har dei fylt opp med tømmer, skat og stein. Håper dei har tenkt å rydde opp att.
Eg fann ut at der gikk ein veg langs elva og trudde ikkje eg hadde gått der før, men så fann eg ut at eg må ha gått der med Nadja ein gong i tida.Vegen slutta brått, så det var inga skam å snu.
2 kommentarer:
Fin kulp dei har laga til der.
Trur ikkje den blir mykje brukt.Den har voreder i fleire år.Men når ikkje fotballbana blir brukt, så er der ikkje ungar.
Legg inn en kommentar