Klokka er ca 20.45, temperaturen ute er + 17 grader og det styrtregnar. Sommar er det like fullt, og LITT regn gjer berre godt. Berre det ikkje varer for lenge.
I dag før middag rydda eg litt inne i huset, før eg gikk ut og jobba i hagen, flytta nokre stauder m.a. Har enda eit bed som skal leggast ned.
Rekna med at Margrete stakk innom når ho skulle til tannlegen her i Ørsta, men visste ikkje at ho hadde dei tre eldste barna med seg.(Eirik og Margrete skulle klippe seg. DET visste eg). Minstemann var på besøk hos ein kompis. Hadde eg visst at dei hadde høve til å slå seg ned ei lita stund skulle eg hatt noko skikkelig mat til dei. ( Det kan godt hende at det er eg som ikkje har følgt heilt med i timen.....)Men vi hadde ei trivelig pratestund, der mormora fortalde om slekta blant anna.No er det ikkje eg som er sleksgranskaren i familien, men litt veit eg.
Etter at dei hadde fare, laga eg fiskemiddag til Nils og meg. Vi et maksimalt med fisk før vi må fryse resten. Nils jobba med filetering mykje av føremiddagen.
No har eg lege på sofaen med lydbok, mens Nils ser fotballkamp på TV. Denne dagen gikk enda fortare over i historia enn dagane elles plar gjere. Men det er mange timar til leggetid! Håper vi har fleire fine sommardagar i vente.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
1 kommentar:
Ungane var i fyr og flamme over å ha fått høyre så mange morosame historier! Planen var berre å stikke innom med ei maskin, men det vart no ei triveleg stund.
Legg inn en kommentar