søndag, juli 28, 2013

Dagbok - 2013: 28.juli.

Klokka har passert 18.00 med god margin. Ute har det skya over og temperaturen er + 23 grader C. Tidligare i dag var den oppe i +27 grader, og då var det sol i tillegg.
Vi starta dagen tidlig, sånn ca 6.30, då var det skodde eit godt stykke ned i fjella. Men Nils ville ut og fiske. Eg la meg igjen og las i lydboka mi, og somna etter ei stund.
Ca klokka 9 vakna eg av telefonen, det var Nils. Han hadde fått motorstopp og var komen til Raudøya roande.  I  1 1/2 time rodde han før han var i land. Det som var litt irriterande var at der låg ein annan båt ganske nær, men ingen spurde om han trong hjelp. Slikt er ikkje Nils van med frå fiskar-miljøet der han vaks opp. Å ro ein vanlig robåt er greitt nok, men den plastbaljen vår er ikkje så god å hanskast med.
Men han kom i alle fall velberga heim att, og fisk hadde han fått, så no skal vi snart ete fersk småsei til sein middag.Hadde ikkje lyst på middagsmat så lenge det var så varmt.
Eg har ikkje gjort så mykje til nytte i dag. La i hop og strauk litt klede og la opp eit skjørt. Sommarskjørt med strikk i livet var ikkje å oppdrive på butikkane i går, så eg tok like godt og la opp eit gammalt eit.
Elles vart veret etter kvart så fint at eg kunne ligge på altanen og lese; aberet er berre at eg somnar. Forresten var boka ganske kjedelig også. Eg synest vi har hatt ei fin veke kva vêret angår, ei veke sommar er meir enn vi har hatt på fleire år.

De lurer kanskje på kvifor eg har bilde av ei gravemaskin øvst på bloggen. Ein av naboane har storarbeid på gang, men i dag har gravemaskina fått kvile. Noko vi alle set pris på. Eg synest det er ein uskikk å halde på med bråkete utearbeid på sundagar, det er heldigvis få som gjer det her på Vallabøen. Tok ei lita runde og fotograferte blomstrane i hagen, det er heldigvis eit kvart som blomstrar heile tida, men alt er forseinka, og blomstrane er mindre enn vanlig.
Denne planten heiter nattlys, og den lyser faktisk i mørke kveldar, det er berre det at den eigentlig skal vere dobbelt så høg.
Dei orange liljene blomstrar voldsomt, men stilkane er korte.
Og endelig kjem sukkerertene. Forseinka dei også, men no skjer det fort. Vi har kome fram til ein sort som vi er veldig nøgde med, og Nils tek vare på erter til å så, frå det eine året til det andre. "Frühe Heinrich" heiter sorten. Dei er store og sprø. Eg plar fryse ned dei vi ikkje klarer å ete etter kvart og har dei å ta til gjennom vinteren. Eg berre reinskar og frys dei -utan å forvelle. Fine i Wok t.d.
(Eg veit at det finst mange nydelige hagebloggar, så dette kan vere ei trøst for dei som ikkje har alt på stell. Slike som eg.)

2 kommentarer:

solveig sa...

Folk manglar forståing når dei ikkje kjem andre til unnsetning. Kanskje dei ikkje har opplevd det sjølv - enno.

Besta sa...

Han kunne no ropt og bede om hjelp også, men det var han vel for stolt til.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...