lørdag, juli 27, 2013

Dagbok 2013: 27.juli.

Klokka har passert 21.00, temperaturen har gått ned til + 20 grader C, max i dag var + 26 grader. Elles har det vore skiftande vêr i dag; nokså skya før middag, så kom sola fram, så skya det over, så vart det litt tordenvêr og litt regn og så skein det litt opp igjen. Akkurat slik likar eg at det er om sommaren. Då kan ein vere både ute og inne.
Sidan det var overskya først på dagen, tok vi ein tur til Volda. Eg likar å handle på Møre Konfeksjon og eg hadde virkelig behov for ei ny sommarjakke.  Eg fann ei som eg likte godt med ein gong, og det gjorde ingen ting om den var sett ned 70% sidan sist vår. Den er i ein blåfarge som særlig Margrete er svak for. Fann meg ei matchande T-skjorte- også den til nedsett pris. Og i ymse blåfargar.
Handla litt mat på Coop på Amfi og for heim for å nyte finevêret. Til middag laga vi oss pølser med poteter og surkål. Begynner å lengte etter fisk no, men mens Nils har hatt den stygge hosten har han ikkje vore ute og fiska.  Han har rett nok fiska makrell frå land, så heilt fiskelause har vi ikkje vore.
Eg låg på altanen og las i lydboka mi, og der somna eg og vakna opp til grå himmel.
Margrete og dei tre yngste var ein tur på Moa i dag, og kom innom oss på heimvegen. Det var litt av kvart dei trong til Tyrkiaturen. Har inntrykk av at alle reiser til Tyrkia i år. Men der er det i alle fall varmt og nydelig å bade.
Minstemann hadde slått på stortromma og kjøpt seg enda eit nytt slips, han kunne forklare at slipset var av 80-talsmodell.
Dei hadde ete på Mc Donalds, så her fekk dei berre vaflar, is, kaffi og brus.
Så kan eg nemne at den einaste vanlige rosa eg har kjøpt i år, kom med sin første blomst i dag. (Dei andre nye rosene er potteroser).
Det var vel til ære for oss to som har 51-års bryllaupsdag i dag. Takk til dei som har sendt gratulasjonar på mail og FB.
 

 Kjekt med besøk av barn og barnebarn.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...