torsdag, juli 25, 2013
Dagbok 2013: 25.juli.
Klokka er 20.30, temperaturen er + 23 grader C, max temp var + 26 grader og sola har skine i heile dag. Say no more.
Før middag klipte vi litt gras etc. i hagen, Nils med plenklippar, eg med kantklippar. Det vart også tid til å prate litt med naboar.
Eg hadde i grunnen tenkt meg ein tur på biblioteket, sidan eg las ut boka om Ove. Men så fann eg ut at eg hadde tre ulesne bøker liggande på datamaskina, så eg utsette bibliotekturen til i morgon.Seinare oppdaga eg at eg hadde lese den eine ab dei tre bøkene før, den andre mangla siste plata og på den tredje hadde maskina greidd å blande plate nr.2 og 3. Veldig festlig, men eg klarer meg sikkert til i morgon.
Låg ei stund på solsenga og las, men det er relatvt heitt på altanen, så det blir ikkje så lenge om gongen.
Har ikkje hatt middag før i dag, så no i kveld mekka eg i hop ei spikersuppe av ymse ingrediensar eg fann. Begynte med linser, vatn, bulliong og kvitløk.Så hadde eg i inntørka restar av spekepølser, morr og bacon. Gulrøter, eit par stilkar selleri, ein halv paprika, vårløk etc. hamna i suppa, og den vart god den. Vi åt så sveitten rann, for sant å seie hadde den høvd betre ein kald vinterdag. Eit godt tips viss ein vil lage ertersuppe og ikkje har lagt i vatn erter, er å bruke linser i staden, dei kokar på no time.
Det gikk ikkje så bra med hødd i Kasakhstan, dei tapte 2-0. Men så var dei så smarte der borte at dei nekta to av dei beste spelarane til Hødd visum. Slik kan det også gjerast.
Eg fekk tatt bilde av månen i går også på om lag same klokkeslett som kveldane før, no var har eit godt stykke lenger aust.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:13.September
Klokka er no ca19.30, temperaturen ute er +9 grader C , det er skya og grått +regn. Ikkje farleg å bli sittande inne ein heil dag då. For e...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar