fredag, mai 03, 2013

Dagbok 2013: 3.mai

Klokka er 17.00. Bildet over er tatt klokka 14.00. Heile denne tida har det snødd trollkjerringar, men ikkje ei einaste ei ligg att på marka. Heldigvis. Av og til ser det ut som om det skal lette opp, men så aukar det opp att.Dette er omtrent det eg venta meg etter ein vinter så kald og tørr som eg ikkje kan hugse vi har hatt før. Men så er eg pessimist, då.Temperaturen ute er + 4 grader.
Det er ikkje så mykje ein kan få gjort slike dagar, eigentlig så er det vel hagearbeid som skulle stått på programmet?
Før middag gjorde vi oss klar for ei handlerunde på Amfi, det var i grunnen ikkje så mykje vi skulle ha, og sidan vi ikkje hadde skrive liste, gløymde vi eit par ting også. Slik er det når ein bur nær butikkar som er opne frå 7 om morgonen til 23 om kvelden, ein lærer ikkje å skjerpe seg. Dagens trim vart såleis eit par rundar på Amfi.Vi trefte sjølvsagt folk vi kjende, og det er alltid kjekt.
Då vi kom heim, laga eg ei nydelig fiskesuppe, om eg skal seie det sjølv, og så vart det påfølgande middagslur med lydbok. Eg har snart lese ut boka om Knut Haugland, og sidan vi måtte innom biblio i dag, lånte eg papirutgåva av boka til Nils.
Mens vi sat og drakk kaffi ved kjøkenbordet såg vi nokre fuglar som gjekk og rota på plenen til naboen. Dei likna på trost, men var kvite i brystet. Så var det fram med fugleboka. Ja, vi har fleire fuglebøker, men det er denne vi oftast tyr til.Nils kjøpte den i morsdagsgåve til meg då vi budde på Melle. Der var eg heime heile dagane og såg somme tider fuglar eg ikkje kjende, så eg ønska meg ei slik bok.Vi fann sjølvsagt fuglen, som er berre litt sjelden, nemlig ein ringtrost.
Dersom det lettar opp mot kveld må eg ha ein tur ut! Og så vil eg ønske alle ei god helg.
 

4 kommentarer:

Elin sa...

Her er alle bøar kvite, men no er det ikkje lenger så mykje slaps i vegen. Det var diverse styr medå få begge bilane i hus i dag. Håpar vi slepp vinterdekk til Bergen på søndag, men ein kan aldri vite!

arieldog sa...

Her i huset er det ei som er svært oppteken av fuglar for tida, og favoritten er havsule. Det blir spennande med skuletur til Runde!

Besta sa...

Havsula er veldig vakker. Naboen har ei som er utstoppa.

Elin sa...

Er der leirskule på Runde framleis?

 Klokka er no 21.02,temperaturen ute er +5 grader C og det regnar. Ikkje direkte julestemning, men greit nok for meg, eg slepp i alle fall å...