torsdag, mai 02, 2013

Dagbok 2013: 2.mai.

 Morgon og kveld.

Klokka nærmar seg 19.00. Temperaturen ute er + 7 grader C. Akkurat no er det lettskya og litt sol. I dag tidlig snødde det, ved middagstide hagla det, så i dag har vi hatt det variert. Inne har vi det varmt og godt, så vi lid inga naud. Har ikkje bestemt meg for om eg skal gå tur eller ikkje enno.
I dag har det ikkje skjedd så mykje. Før middag dreiv eg og støvsuga nokså grundig. Og så har eg hatt eit par høner å plukke. Trur det blir ei stund til neste gong. Kokte to store høner, den eine sette eg i steikomnen etter den var kokt og laga viltsaus til. Det kan eg hugse mamma gjorde ein gong, og eg har også gjort det før, men det er lenge sidan. Den andre høna vart berre kokt og reinska, så det er meininga det skal bli mulligatawnysuppe-ein gong. Krafta har vi silt og frose i porsjonar.
Elles har eg strikka litt og høyrt lydbok. Alle dagar er ikkje like innhaldsrike. I dag har det altså vore heimedag.
"Mellombror" på Kongsberg fyller 7 år i dag. Synd at vi/dei er så langt borte.Håper han kosar seg på dagen sin!
I dag er det 40 år sidan ungane og eg sykla frå Engeset til Vallabøen og stod på vegen og såg gravemaskina grave ut ei hole der huset vårt skulle stå. Solveig og Rasmus sykla sjølve, Margrete sat på med meg. Vêret var like guffent som det har vore i dag. Det snødde den gongen også.Vi flytta inn 14.desember same året.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Det snøar og er gufse her også, men eg fekk meg ein spasertur til biblioteket mellom bygene. Svein er forkjøla. På Vestlandsrevyen såg eg at sauebøndene i Jølster er fortvila. Dei må fore lamma inne, full vinter der nede.

Besta sa...

Ja, ein slik vår etter ein stri vinter er i meste laget både for folk og fe.

dagbok 21024:27.januar

  Klokka er no17.13, temperaturen ute er +5 grader C,og i år har vi ei veldig grøn jul. Det er i grunnen greitt for meg,men når eg ser ut på...