Klokka har passert 20.00, temperaturen ute er + 22 grader C, det er lettskya og fint.
Før middag var det ekstra fint, så då var vi ute i hagen og jobba litt. Eg klipte greiner og Nils mol dei opp på kverna. Så rensa vi litt ugras og klipte litt gras osb.
Vi fekk tid å slappe av litt på altanen også, deilig å ligge ute sjølv om sola vart delvis borte. Det var tross alt + 26 grader.
Elles så laga eg ein stor porsjon med ball (klubb) til Margrete og ungane skulle komme.
Eirik kunne ikkje vere med i dag, han driv og skal ta mopedsertifikat og var oppteken med det. Kjekt å få prate litt med Ingeborg og høyre kva ho har opplevd i den store verda.
Elles driv dei nye naboane og flyttar inn i nummer 10. Håper dei vil trivast her i gata vår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 25.september
Klokka er no 18.41, temperaturen ute er+9 graderCog det regnar litt. Det har ikkje vore fristane å gå ut i dag, men det gjekk bra med turen...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar