tirsdag, mai 21, 2013

Dagbok 2013: 21.mai


Klokka er akkurat 16.00. Temperaturen er + 10 grader C, det er opplett, men fotsid skodde. Snakk om nedtur etter dei varme, fine dagane. Eg må innrømme at eg likte vêret i går betre enn det vi har i dag.
Vi var tidlig oppe, og tok 9-ferja frå Volda. Vi hadde planlagt å sage og kløyve litt meir ved i dag. Eg hadde ei tynn T-skjorte på meg + regnjakke, men hadde ein genser i bilen - på vona. Vi sette i gang å jobbe med det samme vi kom inn og heldt godt heten mens vi drog på plass veden.Nils saga opp i høvelige lengder, eg bad om å få kløyve sidan eg ikkje hadde så godt av å gå opp og ned i bratta.
Bruk av kløyvaren hadde eg sett meg inn i , så det gikk fint, særlig så lenge eg hadde frisk or å ta av. Med tørrare bjørk, vart det litt meir problematisk. Alt gikk bra , heilt til eg klemra langestonga på høgre handa, det hadde ikkje vorte så vondt, om eg hadde hugsa å sleppe hendelen med venstrehanda.....Ja, det er ikkje så gale, berre litt låkt. Det begynte å styrtregne straks etter at vi var komne i gang å jobbe, og til tross for regnjakker, vart vi nokså gjennomvåte. Det får vi ta på eiga kappe, det var ingen som tvinga oss til å jobbe i regnvêret. Nils kava på, så han fraus ikkje, men for meg som kløyde vart det ikkje så mykje varmande mosjon.
Då vi kom bort til kyrkjevegen, kom Harald og Ruth, dei hadde vore på kyrkjegarden på Eid også, og planta. Og på Eid regna det ikkje.
Då eg kom heim våt og frosen, var det berre å få på seg vinterkleda igjen. Eg sette på varmepumpa og Nils fyrte i omnen, så no held eg på å tine opp att. Tok oss ein kaffikopp og ei skive, så får det bli middag seinare.

Resultatet av dagens jobb. Vi fekk ikkje hatt veden i sekker, så det er vanskelig å berekne kor mykje det vart.
 
Katten LOL(a)-låg i ei kasse på altanen og lata seg, mens vi jobba.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Jammen er dokke spreke!

Besta sa...

Ja, heldigvis så er det enno litt futt i oss. Det er ikkje så bra for meg å gå så mykje i motebakkar, der er bratt på tomta, men eg gjorde bra nytte for meg ved vedkløyvaren. Veldig kjekt arbeid, men no skal vi kjøpe oss ein som er litt kraftigare. Der er mykje ved hos M. men det er ei stund sidan dei store bjørkene vart felte, så dei er seige å få has på.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...