onsdag, mai 01, 2013

Dagbok 2013: 1.mai

 
 
Sud om havet han stundom laut skrida
Der var rikdom på benkjer og bord
Men ikring såg han trældomen kvida
Og så vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast
Lat dei bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg ikkje kan trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd.
                      Ivar Aasen

GRATULERER MED DAGEN!
Klokka har passert 15.30, det er overskya og grått ute, litt vind og ca +7 grader C. Eg synest det er surt og kaldt !
Nils var ute og gjekk i flaggborg klokka 10-11. Eg var heime, bytte på sengane og vaska soverommet før han kom heim att. Han ville til Volda på møte klokka 12.00 og det vart til at eg blei med. Møtet var på ein liten sal i 1.etasje på Samfunnshuset. Der var dekka på småbord og det vart heilt stappfullt til slutt. Kjende att mange av lærarane mine frå DH-men kjende dei meg? Nå nei! Det har tross alt gått 25 år.
Hovudtrekkplasteret i dag var Theo Koritzinsky. Han heldt ei relativt lang men interessant tale. Han tok utgangspunkt i Ivar Aasens song "Nordmannen" (Mellom bakkar og berg:) _som det høver seg når ein er på desse kantar 200 år etter at Aasen vart fødd. Han hadde med to vers som eg knapt har høyrt før.Slik fekk han Aasen til å bli skikkelig raud-grøn. I mangel på pianist stilte han opp og spela til songane. I ei høvelig sangbar tonehøgd, noko som er nokså sjeldan der eg vankar.
Eg er litt plaga med at når eg høyrer på folk som talat, sit eg og "refererer" inne i haudet mitt. Det er nokså slitsomt.
Fredric Holen(Ap) frå Ørsta heldt ein flott appell. Han står på stortingslista for Møre og Romsdal. Så løp og stem. Det trengst ein ung, vakker mann på tinget.
Ein flyktning frå Sør- Sudan var fram og snakka for Amnesty International. Han har budd i Norge/Volda i eitt år, så norsken hans var ikkje perfekt, men vi fekk utdelt manus på korrekt nynorsk, det var trulig skrive av ei Volda-dame.
Han peika mellom anna på alle dei godene vi hadde i Norge, som er fråverande i heimlandet hans. Han hadde med seg kona si og ein liten gut på mindre enn 1 år.
Til slutt song vi Internasjonalen-på nynorsk. Det er ein ting som provoserer meg og det er at så mange songar vert omsett både til bokmål og nynorsk. Førre veka då vi skulle synge "Kom mai du skjønne milde..." heitte den brått  "Kom mai med blad og blomar......" Når ein song først er omsett til norsk (bokmål eller nynorsk), så la det vere med det !
Elles var Ørsta/Volda internasjonale folkedanslag der og underheldt, og ein ung gut spela gitar og song
Eg tok nokre bilde med knipsekamera, dei vart sjølvsagt ikkje gode, men eg likar ikkje å valse rundt som ein papparazzi heller.(Men no har eg skrive "referat")
Jammen var der att ein liten skvett suppe i dag også, så no har vi ete nok brennsnut for ei stund.
I dag fyller søskenbarnet mitt i Stryn 71 år. Gratulerer med dagen, Kjell!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer med dagen! Dette var kjekt å lese.

Hildegard sa...

Gratulerer med dagen! Vi feira dagen og bursdagen til Kjell i Stryn i år også. Det er nesten blitt tradisjon.

Besta sa...

Kjekt at de tok turen inn dit. Nils hadde veldig lyst å treffe igjen Theo, derfor hamna vi i Volda.

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...