Klokka er snart halv seks. Det driv og skyar over, men på føremiddagen var det klår sol. Det er framleis kaldt, +5-6grader C.
Nils var på vedaskogen før middag. Eg gjorde litt husarbeid, før eg gikk inn til han. Han trong akebrettet til å drage ved på, så eg gikk heim og henta det. Så fekk eg litt mosjon i same farten.
Området der vi hentar ved er der som raset gjekk i 1979. Då kom eit stort snøras ned elvafaret til Skytjåa, grense-elva mellom Engeset og Vallabøen. Fleire hus vart øydelagde og menneskeliv gikk også tapt. Då Rasmus vart konfirmert om våren same året, var nokre av gjestane borte og såg der raset hadde gått. (Eg hadde eit bilde av det, men finn det ikkje.Kanskje det er Rasmus som har diasen?)
Etter kvart vart det bygd fleire store vollar som vern, om det skulle kome nye ras, elva vart også reinska opp. Vollane er etter kvart dekte med skog og vi har fått lov å hente oss ved der.
Eg hjelpte til med å drage dei store kubbane frå "skogen" og ned til bilen. Det var ikkje lange stykket. Noko av veden tok vi med heim, resten ligg att og skal hentast etter kvart.
Vi tok ein kopp kaffi og ei skivedå vi kom heim, og så la eg meg ut på altanen for å sole meg. Det var kaldt , men med dyne og tre-fire pledd heldt eg ut, sovna gjorde eg også.
Eg hadde med det vesle kameraet og tok mange bilde, det var litt problem med fotoappartet, og då eg skulle legge bilda inn på PC-en var det umulig. Så det var litt dumt.Det er visst minnekortet det er noko i vegen med. (Men så kopla eg kameraet til datamaskina med ledning, og der kom bilda).
Eg har tenkt på pannekaker i heile dag etter å ha sett 4-stjerners middag i går; eitt eller anna må eg vel finne på til ein sein middag.
Ønsker alle ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:22.desember
Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er grader C og det regnar litt småt...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Dei bilda meiner eg at eg har lagt ut på bloggen ein gong, så eg må ha dei ein stad!
Eg delte diasane mellom dokke, og Rasmus kopierte nokre av dei over på data, så dei har eg der.Trudde eg hadde det bildet frå fonna, men kan ikkje finne det.Kanskje eg har det på den andre maskina.
Legg inn en kommentar