Bildet er tatt klokka 15.00
Klokka er no 17.30, temperaturen ca +4 grader, og det snør litt mindre enn før. Hittil i dag har det berre lava ned. Ikkje så veldig kjekt, men det var ikkje så mykje annleis på samme tid i fjor.
Vêret er det ikkje så mykje å gjere med, ein får berre gjere det beste ut av det. I dag vart det ein tur på Amfi først, så ein tur på "Fru Svendsen" der vi drakk kaffi og åt ostekake. Sat lenge og prata med ein tidlegare kollega og mannen hennar.Etterpå var vi på Amfi og handla mat.Heim att og slappa av litt før vi laga noko som minte om middag.
No har vi sett Idol i reprise frå i går.Min favoritt er framleis Eirik frå Os. Smart av han å velje ein så kjend låt. No er sola framme og det vart lettare stemning ute.
Klokka 18.15.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar