torsdag, mars 07, 2013
Klokka er15.00, temperaturen er + 4 grader og sola steiker frå nesten skyfri himmel. Det er nesten tortur å vere inne. Vi kom nettopp heim att frå ein spasertur på Sætre.
Nils var ute og trimma litt på føremiddagen også, då vaska og støvsuga eg, så det er gjort til helga.
Middag har vi ikkje laga enno.
Utover Sætre er der tre vegar, nede langs fjorden går vegen til Ålesund,E 39, så kjem den gamle Ålesundsvegen, som heiter Hagevegen, og lengst oppe er det restar av Den gamle Sætrevegen. Vi har lenge tenkt at vi skulle utforske den gamle, og hadde fått oppskrifta; vi skulle gå opp frå Morkagjølet, og det gjorde vi, og gjekk den flate fine stien utover. Den var dekt av snø og is, men det gikk bra. Det var berre at den slutta så altfor brått. Vi tok oss gjennom ulendt terreng ned på Hagevegen og fortsette utover eit stykke før vi snudde. Dette er ein ynda turveg, med mykje sol og lite trafikk. Der er så bratt og tilvokse med skog, at det er berre somme stader vi ser ned på E 39. Men husa klamrar seg fast i dei bratte bakkane.
Då vi kom heim, fekk vi melding frå Rasmus om at augeoperasjonen var vellykka. I staden for briller har han tatt ein synskorrigerande operasjon på ein privatklinikk. Han må sjølvsagt betale kalaset sjølv.
Ute rundt huset vårt er det enno ein god del snø.
Til dei bokinteresserte kan eg melde at eg står først på lista til bok nr.5 i "Barbarottikvartetten"-som no er utvida til ein kvintett. Likeeins står eg på ventelista til Chelsea Cain si siste bok.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar