Klokka er snart 18.30. Ute er det overskya, opplett og +1 grad. Nils gikk ein tur på føremiddagen, men eg har ikkje vore ute.
Har ikkje gjort noko særlig mykje fornuftig i dag. Før vi for nedover farga eg håret og ikkje så mykje meir.
Først var vi begge på utvida styremøte på Kulturhuset, etterpå på kino. Det var mykje folk på Dagkino i dag, blant anna ei heil skuleklasse frå VVS, og når ein og samme person skulle selje billettar og snop, tok det si tid før han kunne køyre film.
Filmen var "Victoria" etter Knut Hamsun sin roman. Boka har eg lese for lenge sidan, og den har aldri vore min favoritt. Litt for romantisk og sentimental etter min smak. Men filmen var fin, med gode skodespelarar. Eitt unntak er Victoria sjølv, som blir FOR veik og "slapp", sjølv om ho ikkje er nokon sterk person i boka heller.
Det som løfter filmen til store høgder er bilda, særlig naturfotograferinga. Det er så vakkert! Ja, og Johannes , møllerens sønn, er også nydelig .Så filmen var vel verd å sjå.
Då vi kom heim, steikte vi oss egg til middag, og så blei det ei stund på sofaen med lydbok.Vi har begynt å vakne tidlig om morgonane, så eg håper det er sommartid snart.
Fekk melding frå Lars i dag, då hadde han snakka med Ingeborg på Skype. Ho og veninna er no i Bankok og har lagt mange bilde inn på FB. Godt å ha kontakt med dei når dei er så langt borte.
Les om filmen her:http://p3.no/filmpolitiet/2013/02/victoria/
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:22.desember
Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er grader C og det regnar litt småt...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
5 kommentarer:
Eg synest det er svært positivt at klassikarane våre vert filmatiserte. No kan vi til dømes skifte ut Kransen som elevane ikkje heilt forstår, spesielt symbola. I tiande er utdraget med eggsankinga i Victoria "pensum". Eg las romanen opp att for eit par år sidan. Den høver kanskje godt for ungdomsskulen?
Eg trur ikkje eg har vore ung nok når eg har lese boka, så den passar vel best for dei heilt unge.
Eg har brukt å lese utdrag frå Sult og syne filmen på VG3. Dersom elevane ser Victoria i tillegg, får dei eit nyansert syn på Hamsun, vil eg tru.
Men Olaug, Romanen "Victoria" er no superklassikaren på korleis kjærleiken skal vere, var det ikkje slik på filmen då? mvh Torbjørn
Kjærleiken skal vel ikkkje vere som i "Victoria". Eg er realist-ikkje romantikar.
Filmen var som boka, og veldig fin kva bilde angår. Men Veronica sjølv var, som kinosjefen og eg vart samde om, litt "slapp".
Eg har lese ein del Hansun, og Victoria er ikkje hans beste. Somme meiner at han skreiv berre ei god bok, nemlig SULT, som er min favoritt. Eg likar også godt "Markens grøde".
Legg inn en kommentar