tirsdag, mars 26, 2013

Dagbok 2013: 26.mars


Klokka erca 17.30. Temperaturen ute er +2 grader C, og vêret er som før: klårt, sol og kaldt. Har aldri opplevd maken til vinter og vår. Hadde eg berre kunna vore ute heile dagen, men det er for kaldt å ligge på solsenga, trur eg.
I dag sette Nils i gang med å kløyve ved frå morgonen av. Eg tok like godt og støvsuga og vaska litt ekstra til påske. Etterpå høyrde eg ferdig boka mi, mens eg strikka ferdig ein lest, og så tok vi ein tur til Vik for å handle litt. Sidan eg ikkje hadde skrive liste, visste eg i grunnen ikkje kva eg skulle ha, så det vart ingen storhandel.
Men vi trefte læraren som Rasmus hadde på ungdomsskulen og prata litt med henne.Vi lova å helse til Rasmus frå Kari. Ho er også pensjonist no, slutta då ho var 62. Ho også. Så trefte eg ei veninne, og vi avtalte å gå på kafe i morgon.
Då vi kom heim, tok eg "strafferunda" mi,opp Storebakken osv. Bilda over er tatt frå toppen, det øvste med utsikt mot Melshornet og Melsbygda; på bildet under ser vi mot Mosmarka.


Her heime var Nils i full gang med å plukke veden i sekker. Det har ofte vore min jobb, men eg kan ikkje bøye ryggen så mykje lenger. Den grøne plastkassa kjøpte vi for mange år sidan. Vi tykte den var dyr, over 600 kr, men den har vi tent inn att. Elles har han gått over frå 80-liter til 60 liters sekker. Litt lettare å handsame.
Eg hadde speilrefleksen med meg i dag, men er ikkje nøgd med bilda. Må nok ha litt meir undervisning. Har ein nabo som kan dette med fotografering, han er vekkreist, men kjem att i kveld.
Håper små og store får vere max ute i snø og sol no mens det er ferie.
For dei som ikkje har fått det med seg kan eg opplyse at Ingeborg og Sandra no er vel framme i Cape Town.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...