fredag, mars 01, 2013

Dagbok 2013: 1.mars

Klokka har no passert 16.30 og vi har drukke kaffi. Middagskvila vart rimelig lang i dag; i tillegg til at vi var tidlig oppe, hadde vi fiskesuppe til middag. Det er reine sovemedisinen. Ute er det overskya, slaps og + 1,5 grader C. Det er så normalt for årstida som det kan bli og det er beroligande.
Før vi for nedover i dag, dampa eg genser nr.2, så når Solveig kjem heim frå London har eg ein jobb til henne.
Eg løyvde to buntar garn som eg var ned att med, og bytte til meg fire buntar lestegarn-ja, det vart faktisk til at eg måtte betale litt imellom. På Amfi trefte vi ikkje nokon som eg kjende, vi var vel for tidlig ute. Så tok vi ein tur til Volda på garnbutikken der; eg var ute etter reklamehefte for genserar etc. men fann ut at der er meir å finne på nettet. I påvente av bestilling skal eg strikke lester, orkar ikkje å sitte med hendene i fanget når eg ser TV. Kjøpte noko tynt lestgarn i Volda, ein sort eg har brukt før, og som er sterkt og godt.
Eg plar alltid vere rask å skrive referat frå møta i pensjonistlaget, plar sende dei til avisa på torsdag, då kjem dei ofte i laurdagsavisa. Sidan møtet var på torsdag denne gongen, er det ikkje noko som hastar, det kjem tidligast i tysdagsavisa uansett. Men det er ein fare med å utsette ting, så eg får vel ta meg sjølv i nakken. Det går greitt og fort unna berre eg set i gang.Nils har fått noko sild av ein nabo som han driv og sløyer.
No er det helg igjen, synest det er fredag veldig ofte. Det er vel annleis for dei som er i jobb.
Ønsker alle ei god helg, om det ikkje er så fint ute, kan ein ha det bra inne.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Eg kjøpte 4 sildar på Mega, kr 50,-, så vi hadde steikt sild til middag i går. Kjekt å variere litt på fiskemiddagane også.

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...