Klokka er ca 15.30. Temperaturen ute er + 3 grader C. Eg var nettopp ut på altanen og knipsa bildet over, men det kunne like godt ha vore tatt ein annan dag, det har vore mange slike strålande dagar siste tida. Men kaldt er det.
Eg sit inne og lengtar ut. Hofta og foten har slått seg heilt vrange og eg har prolem anten eg ligg ,sit eller går. Dette skriv eg ikkje for å beklage meg, men for å forklare kvifor eg ikkje er ute i sola. Verkte veldig sist natt, og tenkte at det første eg skulle gjere i dag, var å ringe smerteklinikken; eg har enno ikkje gjort det. Det blir i alle høve vanskelig å få time før påske sidan der er ope berre fredagane.
Uansett var eg relativt aktiv før middag. Eg stelte med blomstrane, vaska pyntepotter, vinduskarmar etc.Vaska "rundt" på kjøkkenet, tok inn og la i hop klede m.m.
Til tidlig middag hadde vi restar frå i går. No har vi kvilt og drukke kaffi.
Nils dreiv og henta heim ved i dag, måtte drage kubbane på akebrett ned til bilen. No måtte han inn i Fonna att, for han hadde gløymt øksa der. Han har sjekka kløyvaren og den funka, så det blir kanskje litt kløyving også. Kjekt å halde på med ved når ein slepp å stresse.
Eg skal pynte litt til påske, må finne på noko inne når ein likevel ikkje kan gå ut.
I dag er det bestemor Hildas bursdag. Siste fødselsdagen hennar eg var med og feira var 90-årsdagen. Ho levde til ho var 91 år, men siste tida budde ho på aldersheimen i Innvik. Ho vart fødd i 1878. Sidan ho hadde fødselsdag i mars, fekk ho alltid sviblar til dagen sin. Det var midt i svibelsesongen den tida.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.desember
Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Sviblar kunne eg og tenkt meg no! Det har hendt eg har kome over gule til påske.
Kan ikkje hugse å ha sett gule sviblar?
Legg inn en kommentar