torsdag, februar 07, 2013

Dagbok 2013: 7.februar.

Klokka er no 18.30, og temperaturen ute er minus 7 grader C. Det har vore ein utrulig nydelig dag, og sidan eg har vore i nærleiken av heimen heile tida, kan eg melde at vi no har sol heile dagen, frå klokka 9.45 til 16.20. Sola varmar ute, men mest inne.
I dag reiste Nils på sjøen rett etter frokost i lag med fiskekamerat Kjell.
Eg nytta tida han var vekke til å støvsuge og vaske heile leilegheita, så er det gjort til helga. Deretter sette eg meg ned og skreiv referat frå styremøtet i går.
Eg hadde eigentlig tenkt meg på sparktur i dag, men sidan Nils ikkje var heime og kunne montere opp sparken, gjekk eg tur på føtene. Med broddar og fotoappaarat. Hadde ein liten prat med ein fotokyndig nabo før eg gjekk, og fekk gode råd med han.
Eg gjekk som vanlig opp Storebakken og der trefte eg ei dame som eg kjenner litt og vi gjekk i lag vidare. Ho har ein son som gjekk i klasse med Rasmus (Webjørn), det er slik eg kjenner henne. Det var kjekt å ha nokon å gå i lag med, men først etter at vi hadde skilt lag, heldt eg fram å fotografere. Då eg kom heim var Nils tilbake, og eine brodden låg på trappa. Utan å merke det hadde eg gått heile ruta med EIN brodd.
Nils hadde fått fisk, men ikkje så mange store. Dessutan hadde han ramla i sjøen med halve kroppen, Kjell hadde hjelpt han opp i båten att. Men han meiner han skulle ha greidd å berge seg sjølv. Han har alltid redningsvest på seg, og uhellet skjedde attmed brygga. Der var glatt og isete.
No har eg gjort heilt ferdig eine gensererma, og så har eg mønsterborda att på den andre.
Så snart det blir pause i sporten, skal Nils koke småsei, vi har ikkje ete middag enno, nemlig.
Bilda eg tok i dag blei ikkje gode. Dei vart for lyse. Eg får høyre med naboen kva eg gjer feil. Desse to bilda frå Starevegen har vore inn på Picasa og prøvd lykken.

5 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med sol heile dagen, tenk at fjella er så høge, bur ikkje de på nordsida? Nils må passe seg, ikkje sunt å bli våt på denne årstida! Vi hadde køyretur langs Jølstravatnet i minus 19 i dag, hos oss er det ca. Minus 8 no. Spent på genseren (det er vanskeleg for meg å ikkje skrive gensar og lester). Eg les siste boka til Lahlum, og lurer på om eg skal tilby meg å vere korrekturlesar for han.. Tykkjer ikkje boka er like kjekk som dei andre. På lydbok høyrer eg siste boka til Lier Holst, ho er kjekk å høyre på. Og på nattbordet har eg Kongen anbefaler, ganske tankevekkande bok. Ja, så prøver eg å kome gjennom En svunnen tid av Kate Morton. Det er ei type roman eg slit med. Og NO er Knausgård på tv!

Besta sa...

Der gjekk eg glipp av Knausgåd.
Eg tulla lenge med ordet genser, heilt til eg høyrde at namnet er avleidd av namnet på øya Guernsey.Lester trur eg gjerne eg skriv rett som det er.....Kjekt å høyre at du les, både lydbøker og anna. Eg les(høyrer) mykje, men det er langt mellom bøker som verkelig begeistrer meg. En svunnen tid -har eg lese, men eg blandar saman bøkene og hugsar dårlig.
Synest det er rart om Lahlum skriv feil, men slikt merkar ein ikkje på lydbøker.Ønsker deg lykke til med alt. Skal sende eit bilde av genseren er strikkar.

Hildegard sa...

Knausgård er blitt filma i eitt år etter at han var ferdig med TV, følg med. Eg har ikkje lese Knausgård - og veit ikkje om eg orkar det heller, men han har nok ei sterk historie å fortelje. Ofte kan det verkelege livet vere like dramatisk som mange oppdikta historier...

Hildegard sa...

Det vart visst litt krøll: ..etter at han var ferdig med bok 6. Dokumentaren kjem snart på TV.

Besta sa...

Eg har lese alle Knausgård sine bøker i serien "Min kamp" som lydbøker. Det er mange som ikkje les nr.6. Det er dumt, for mykje fell på plass etter den boka.
Eg likte ikkje alle like godt. Best likte eg den som handla om barndomstida, trur det er nr.3.
Så om ein ikkje vil lese alle bøkene, kan ein lese den.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...