onsdag, februar 06, 2013

Dagbok 2013: 6.februar


Bilda er tatt frå altanen vår litt før klokka 11.00 i dag. Det nedste bildet har eg tatt rett mot sola og fylt ut med lys etterpå, på bildebehandlingsprogrammet Picasa.

Klokka er no ca 11.30, og eg skal på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00. Har ikkje fått gjort mykje på føremiddagen i dag. Nils og eg har gått gjennom rekneskapet til Ørsta Mållag, der eg er såkalla (kjønnsnøytral) ettersynsperson. Så måtte eg ta ein telefon, og tida fyk av garde. Nils har visst funne litt snø å moke på, det snødde litt tidlegare i dag.
Kjem an på om vi må handle aldri så lite i dag, sjølv om vi har det meste av det vi treng.
No er det lettskya og fint, som de kan sjå på bilda. Temperaturen er så vidt over 0 grader C.
I dag er det Samefolkets dag, og eg håper dei har hugsa å heise sameflagget på alle landets rådhus. Eller ev. eit norsk flagg?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du ligg litt etter på datoene dine, iallfall på min i-pad:-)) Det er vel februar no...

Besta sa...

Det går av og til litt fort i svingane. Har retta det no.

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...