onsdag, februar 27, 2013

Dagbok 2013: 27.februar.

Klokka er 21.00, temperaturen ute ca +4 grader C. Først på dagen var det fint, klårt vêr, men så skya det over.
Nils for på sjøen før middag, men vart ikkje så lenge borte. Fisken var ikkje så ivrig å bite og så begynte det i tilleggg å blåse. Men det vart kokt småsei i dag, og så har vi eit par måltid med steikt sei. Kjell var med i dag, så har slapp å fare åleine.
Mens Nils var vekke tok eg like godt å støvsuga og vaska til helga, noko som eg ofte gjer om torsdagane. Men denne veka er det pensjonistmøte på torsdag, så då går det meste av dagen med.
Det er årsmøte, og eg har sagt ja til gjenval, synest det er greitt å vere sekretær, så har eg ei definert oppgåve.
Heile ettermiddagen og kvelden har eg site og strikka, først framfor datamaskina med lydbok, og etterpå framfor TV-en. No har eg strikka ferdig siste erma, og har berre att å feste trådar. Det var kjekt å strikke noko anna enn lestar og huer etc. Har begynt på Per Petterson si bok "Jeg nekter"- forfattaren er ein favoritt.
I morgon må eg prøve å ta nokre bra bilde på møtet. Eg må kanskje øve meg litt på Nils i kveld?
Og så vart det prøvefotografering i sjangeren "Portrett av gemlisar".

2 kommentarer:

arieldog sa...

Fint bilete av pappa!

Hildegard sa...

Fint bilde av svoger. Kjekt at du vil halde fram som sekretær i Pensjonistlaget. Bra å ha noko fast å gå til, og du og Nils har nok begge mykje å bidra med. Lukke til!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...