tirsdag, februar 26, 2013

Dagbok 2013: 26.februar

Keira Knightley som Anna Karenina
Klokka er no 19.00, temperaturen ute er + 4 grader; det har vore lettskya fint vêr i dag. Ikkje sol, men fint. Så mykje finevêr som vi har hatt denne vinteren kan eg aldri hugse å ha opplevd før, verken sommar eller vinter. Kaldt har det rettnok vore, men lite nedbør. La gå at eg heller ville hatt det fine vêret i sommarhalvåret, men velje får ein likevel ikke.
Eg lever eit luksusliv for tida. I dag har eg ikkje gjort stort anna enn å vaske håret og gå på kino. Vi skifta namn på filmtilbodet frå Pensjonistkino til Dagkino, og no kjem her enda mindre folk enn før. Trur vi var 5-6 menneske der i dag.Men filmen blir køyrt om det så er berre ein person som møter fram. Fordelen er at då får ein fritt velje plassar. I dag sat vi midt på rad 13, og det var perfekt- for meg i alle fall. Fekk med heile bildet utan å snu på hovudet. Det var den nye filmen om "Anna Karenina" vi fekk sjå; eg meiner at eg har sett ei filmatisering av boka ein gong før. Har i alle fall lese boka to gonger. Filmen vart ei ny oppleving, med utradisjonell filming og høve til mange tolkingar. Hovudpersonane hugsa eg frå boka, men bipersonane hugsa eg ikkje så godt. Eg var glad for at eg var budd på overgangen mellom film og "teaterscene"-elles kunne eg kanskje blitt forvirra. Neste dagkino for pensjonistar er 6.mars, då viser dei den norske filmen "Victoria" etter Knut Hamsun sin roman.(Som eg sjølvsagt har lese). Dei to siste åra har vi gått relativt mykje på kino, og ein til vil eg i alle fall ha sagt: "Film er best på kino."
Elles fekk eg melding på mobil i dag om at dei på biblioteket hadde lagt til side ei bok eg var interessert i, nemlig Per Petterson si  "Jeg nekter". Det var biblioteksjefen som hadde sett på FB at eg hadde lyst å lese den. Eg har lese dei fleste av PP sine bøker, best likte eg "Ut å stjæle hester", som eg har lese to gonger. Det å ha tid til å lese bøker er også ein luksus, og det at eg kan lese med øyrene i staden for augene er ein fordel for meg på alle måtar, og så kan eg strikke eller gjere noko anna samtidig. Multitasking er i tida.
Måtte rekke opp litt av strikketøyet mitt i går, elles hadde eg vore nesten ferdig no.
Torsdag er det årsmøte i pensjonistlaget, men i mars inviterer Rotary og Inner Wheel til festmøte, og alle pensjonistar er fri både før, under og etter møtet. Det blir reine ferien.

1 kommentar:

arieldog sa...

Kjekt at du også likte filmen!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...