mandag, februar 25, 2013

Dagbok 2013: 25.februar


Klokka ersnart 16, sola steiker frå skyfri himmel som ho har gjort i heile dag. Temperaturen i skuggen er+ 5grader.(Ingen måler vel temperaturen i sola?)
I dag har vi hatt ein rekardag. Først var Nils nedover åleine og kjøpte stikkontakt hos Clas Ohlson. Så var vi ned på Amfi begge to, og eg kjøpte "brødbok" på sal- eg er litt treig når det gjeld brødbaking, så eg treng noko som motiverer.
Sidan det var altfor fint vêr til å halde seg inne, tok vi ein biltur til Rjåneset, der Nils skulle vaske litt på båten, og eg luska rundt med kamera som vanlig. Nede i krysset her var det stor aktivitet med trefelling, og då vi stoppa og snakka med karane, viste deg seg at det var same gjengen som hadde vore hos Margrete ved juletider. Dei jobba for Tussa. Den eine var ein tidlegare arbeidskamerat til Nils.
Då vi kom tilbake frå Rjåneset, viste det seg at naboen hadde felt den store sypressen sin; om det var same karane som hadde tatt den, veit eg ikkje.Eg likar at det minkar på trea rundt omkring, vi har skogen ganske nær!
Grunnen til at det ikkje vart nokon skikkelig spasertur med oss i dag, var at eg ikkje er heilt god i hofta, treng kviledagar innimellom. Og når eg fotograferer så mykje, er det for å lære meg.Dei to øvste bilda er tatt med det gamle knipsekameraet mitt.
Badestrand i februar!
Den gamle bade- og soleplassen vår, frå før stien vart laga, og mens ferja enno passerte kvar halvtime.

Neste gong vi fer ut dit i finevêr skal vi ha med oss kaffi og kose oss her.
 
 

2 kommentarer:

arieldog sa...

Dei Tussa-karane har skaffa meg mykje meir sol på eigedomen, og det set eg stor pris på!

Besta sa...

No ryddar dei langs lyslinja i Olavsgata - og det er vi glade for. Om det skulle kome ein storm..
Austlendingen som pappa snakka med heiter Boye Olsen til etternamn, Solveig kjøpte skule-/ studiebøker med han ein gong. Han visste kven du var utfrå namnet.Ikkje så mange Trovåg her.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...