søndag, februar 17, 2013

Dagbok 2013: 17.februar.

Klokka er snart 17.30, ute er det skodde, regn og grått. Temperaturen er + 2   grader C. Vi har vore velsigna med mykje fint vêr i vinter, sjølv om det har vore litt kaldt somme dagar. Vi har hatt mykje sol og lys, så ein får ein liten "dett" når det brått slår om til gråvêr. Får ikkje lyst å gå ut i alle fall. I dag har eg for det meste site og strikka. Nils har svinga opp med erter, kjøt og flesk til middag. Det var vanlig søndagsmiddag den tida han vaks opp på kysten. Den tida dei ikkje hadde fryseboks og knapt nok elektrisk lys. Det året eg budde i Solund hadde vi denne retten kvar søndag, og eg synest framleis det er kjempegodt. han ser sport på TV i ledige stunder og oppdaterer meg om diverse medaljar. Har ei bok på øyret innimellom men har ikkje fått opp interessa enno, så det går treigt.
Bildet tok eg frå altanen nettopp, prøver å teste ut apparatet under alle forhold. Det var såpass mørkt at blitzen gikk av.

1 kommentar:

Elin sa...

Går det an å få oppskrift på dette? Kanskje det står i Vestlandsmat? For meg er mildveret ei velsigni g, gjekk ein relativt lang tur i dag.

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...