mandag, februar 18, 2013

Dagbok 2013: 18.februar


Klokka er 13.30, temperaturen ute er + 3grader C; det er skodde og regn. Vêret fristar ikkje til uteliv akkurat, med slapsete og isa vegar.
Eg har halde meg inne heile føremiddagen, har vaska og rydda rundt på kjøkkenet, samt tatt nokre skuffer. Det er slutt på den tida alt blei rydda og vaska på ein og same dag. I dag var eg litt uvanlig ivrig, sidan eg hadde ein ferdigstrikka genser liggane, der ørten trådar skulle festast. Men jammen fekk eg gjort det også. Då er det greitt å sitte framfor datamaskina og høyre lydbok.No skal eg strikke eit par ermar, så har eg ein genser til.
Vi har bilen til Einar ståande her, mens han er i Tyrkia, og Nils nytta høvet til å vaske den i dag; men med dei vegane vi har no, er den vel nesten like skiten når dei har køyrt den til Hareid.
Middagen i dag blir rett og slett ein oppvarma rest frå i går. Nokre spør etter oppskrift på erter, kjøt og flesk. Leitte på nettet og fann eit par, men det er eigentlig ein rett der ein tek det ein har i hus, det ein likar  etc.
Vi brukar å bløyte gule erter og fryse i porsjonar, elles må ein hugse å legge ertene i vatn kvelden før. Salt kjøt og flesk legg ein også i vatn på førehand. I går hadde vi pinnekjøt og salta svineribbe. I tillegg skal det vere løk og gulrot i suppa+ skiver av kålrabi og heile poteter. Ein har ingrediensane i etter kvart, først det som skal ha lengst koketid, sjølvsagt. Ved servering legg ein kjøt, flesk, kålrabi og poteter på fat og et det på flate tallerkar. Suppa et ein ved sidan av. Vi tek litt suppe til saus over potetene. I staden for pinnekjøt og flesk, kan ein bruke salta knokar, salta oksekjøt, pølser,; det ein har og det ein likar. Her kan ein prøve seg fram. Det er alltid kjekt å eksperimentere litt. Viss ein vil, kan ein også ha klubb/ ball attåt, då kan ein ev. kutte ut potetene. Bon apetit.

2 kommentarer:

Elin sa...

Takk for oppskrift. Dette minner mykje om etresupa til svigermor. Eg tenkte på grøne erter då eg las innlegget, difor kunne eg ikkje heilt forstå. Gjett om eg fekk lyst på dette no! Så lurt å lage til heile ertepakken og fryse ned. Eg har kjøpt krøkebærsaft eller krekling frå Finnmark, blei litt styr å finne små flasker til å fryse dei i. God og helsesam saft, men vanvittig at vi ikkje gidd plukke kreklingen sjølve! Kjøpte ein dunk sukra, og ein usukra. I dag har vi hatt heimelaga fiskekaker for første gong, det var Audhild som fekk oppskrifta til verten sin i Sverige i fjor. Dei kjøper billeg laks frå Noreg rundt juletider, og avkappet av filetane går til laksekaker. Så no blir det seikaker next..

Besta sa...

Krekebærsaft har eg smakt. Ein tidlegare kollega som har budd mange år i Finnmark spanderte på oss. Eg har aldri likt bæra, men safta var god. Erter, kjøt og flesk ER ei ertersuppe, berre med større kjøtstykke og heile poteter og store kålrabiskiver. Nils brukar ofte å lage vanlig ertersuppe også, vi brukar oftare det enn vanlig betasuppe.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...