Klokka er ca 17.00, ute er det mørkt, skodde og regn. Trasig nok, men mange synest det er betre enn snø og kulde. Temperaturen er + 6 grader C. Eg håper vi får fin, kvit vinter og sparkføre når det lid mot februar. Vi får sola tilbake 18.januarog då lysnar det.
Kjenner at eg er litt treig i starten om dagane når det liksom aldri blir lyst. I dah fekk eg i alle fall støvsuga skikkelig alle teppegolva våre før eg sette meg til med strikketøy ei lita stund før eg laga middag. I dag følte eg virkelig at vi var tilbake i den gode kvardagen når eg fekk steike ufrosen sei til middag. Beste måltidet på lenge. Så har eg slappa av med boka eg les for tida "Udødelighetens elixir"-har no høyrt 10 av dei 20 platene. I dag googla eg boka. Eg er imot å google bøker før eg har lese dei ferdig, men med somme bøker kan det faktisk vere ein fordel. Denne boka er ei av dei som det kan vere bra å vite litt om før ein gir seg i kast med. Ikkje at den er spesielt vanskelig, men eg lurte litt på om eg forstod den rett. Det gjorde eg.
Mens eg les strikkar eg.Det garnet eg kjøpte i går til sterkt redusert pris var kjempegodt å strikke. Skal innom butikken i morgon og sjå om dei siste to buntane er vekk- viss ikkje skal eg ha dei. 25 kr. for 150 gram garn er billig. Garnet heiter "Hot Socks Sombrero".
Nils har vore ein tur nedover, eg har ikkje vore ut for ei dør. No skal eg ta fram strykebordet og få unna litt klesstell før vi tek helg.
Ønsker god helg til alle, særlig ønsker eg god betring til dei som er sjuke. Synest dei kan anten tilråde eller fråråde folk når det gjeld vaksinering mot influensa. Eg har aldri vaksinert meg, men i yngre år hadde eg både Asiasykja og Hong-Kong-sykja, så eg er kanskje immun?
2 kommentarer:
De har vel alderen til å vere i risikogruppa. Samtidig er de ikkje så mykje i kontakt med folk som i alle fall du var då du var yrkesaktiv. Den nye vaksina er ikkje så "farleg" som den førre var. Eg veit ikkje, men eg trur det er sunt å vere sjuk ein gong kvart tiande år...
Veldig fine sokkar!
Eg skal i strikkebutikken i morgon. Dei har sal denne veka.
Eg vil ha meir garn til sjal, Kitten mohair og til lubbar som du strikkar.
Og så må eg høyre om dei har fått garnet til Eili sin genser.
Vi har heller ikkje vaksinert oss. Håper det går bra.
Legg inn en kommentar